Profile
Blog
Photos
Videos
Hei!
No er me i Hoi An, Vietnam. Me reiste frå gruppa vår i dag tidleg etter kjempegod hjelp frå guiden vår Poleak. Planen var å vera i Ho Chi Min til søndag, men etter han booka fly tur-retur, hotell og transport frå flyplass til hotell, viare til ein butikk der dei syr klær. Me var kjempe heldige som fekk han som guide gjennom Kambodsja. Eigentleg skulle me ha ei australsk, men ho vart sjuk dagen før avreise frå Bangkok. Poleak er kambodsjisk, og la til rette for alle heile vegen. Hadde nokon nokre ynskjer hjalp han til så godt han kunne. Gutane fekk reise til ei skytebane og på kickboxing. Ei får på matlagingskurs i Vietnam. Han viste oss billige og gode plassar for shopping og mat, og kunne i tillegg stoffet sitt godt. Me er knall fornøgde med denne turen!:)
Kambodsja var spanande, men litt dyrt i forhold til Thailand. Vietnam er det me har erfart eit likandes land og me er litt lei oss for at me ikkje skal vera her lengre(eller med gruppa på turen). Valutaen er vietnamesiske dong, og 100$ er 2000000 vnd! Her er me plutsleg multimilionærar.(enn så lenge). Pengane går det meir av enn forventa, men ingen av oss er heilt blakke enda. (Kriseløysinga er sang på gata.)
Her i Hoi An har me bestilt oss klede, og skal tilbake om få timar for å prøva. Det vart litt dyrt, og Camilla er bekymra for fallskjermhopp-pengane. Blir spanande å sjå kva som vert kjøpt..
No regnar det faktisk her, det er første regnbya me er komme utfor på turen!
I går stoppa me på eit bakeri på veg heim til hotellet. Malin var i sitt ess. Donut og sjokoladekake er ikkje feil! I tillegg til eit headset med mikrofon. Kvelden var komplett, og me kom ikkje oss i seng før hal2. Når alarmen ringde kl4 var Camilla i lettare koma. Malin spratt opp, ho sov lett etter møtet med kakkerlakken på badet 2,5t før. (Camilla, den tøffe, ordna sjølvsagt opp og fekk kakkerlakken inn i ein boks og ut av rommet. *kry*) Me tok fly med berre asiatarar, og dei viser faktisk lite respekt i feks køsituasjonar. Dei går berre framfor og pressar deg bak. Kjekke folk. Jo, dei fleste me har vore i kontakt med er kjekke!:) men er ein del egoistiske puddingar ute å går.
Me tok ferje i går. Nett som på hella! Men me gjekk ombord, og det var fullt i tiggarar og seljarar der. Ikkje like hyggjeleg som å reisa til vangsnes med andre ord.
No har me vore på ein cafe ei stund. Her spelar dei julecd! Over alt me har vore til no har dei skilt med happy new year eller merry christmas! Hjelpes.
Malin er spent på kleda, og sit uroleg. Camilla er mest spent på pengane. Hahaha. Humøret er iallefall ingenting å sei på!:) I kveld skal me eta lasagne, Camilla e litt skeptisk ettersom den beste lasagnen er heimehøyrande i Gjertrudbakken. Det seiest at restauranten og har den beste isen i Vietnam. Spanande!
The Girls!
- comments