Profile
Blog
Photos
Videos
Heisann!
No er me i Brisbane, snart klar for aa reisa viare til Fiji.
Etter surfekurset var me to netter i Byron Bay. Me delte rom med 8, deriblant Arne som me moette paa mojoen. Mandagsformiddagen reiste me og 4 andre til Byron Bay lighhouse. Det var kjempe fint! Saag ein delfinflokk so leika seg i havet. Det var kjempe varmt, saa ein is paa toppen var vel fortjent. Seinare paa dagen slappa me av paa stranda foer me laga fellesmiddag paa vaart hostel. Tok oss ein tur til Cheeky Monkeys, men me kom ikkje inn fordi me ikkje hadde med passa vaare. Kven er det som reiser paa fest med pass?
Tysdagsmorgonen sette me kursen mot Hervey Bay. Nesten 12t me buss- jippiiiiii! Kom fram om kvelden, me sjekka inn og fekk oss litt mat. Sat i baren, djupt konsentrerte om maten, daa me plutseleg oppdaga at det var kjendsfolk paa bordet 1,5meter fraa oss. Kjersti Kvalen og Maria Aaberge. Tilfeldigt?? ja! Har og moett Sigrid Fosse, foerst paa Spot-X, saa i Byron Bay. Kjersti og Maria skulle reise viare om kvelden, saa me avtalte aa moeta dei att i Brisbane.
Etter ein tur i resepsjonen faar Camilla verdens beste bursdagspakke! Tusen takk Hilde! :)
Onsdagen vart det bursdagsfeiring og Malin varta opp. Pannekaker, is paa stranda og kake! Og Cola Zero! Serveringsskillsa er det ikkje noko aa seie paa, Camilla er reint imponert over reisebuddyen sin. Ho har ikkje gloymt det ho har laert paa kroi! Fekk lys paa pannekakene og kaka. Me aat pannekakene ein time foer middag, anbefalast ikkje! (Men det var verdt det!) Me gjorde unna litt klesvask, og no lukta det ikkje vaatt dyr i sekken til Camilla meir! Takk og lov for det. Hal7 moette me i TV-rommet for aa faa info om Fraser Island. Me vart sette i gruppe som delte bil, mat og telt. Paa vaar gruppe var det 2 britiske karar, 2 sveitsiske kvinnfolk og ei fraa Canada. Me skreiv unde paa papir og sette opp handleliste. Dei sveitsiske ville ha 16 skinkebitar kvar. Hjelpes. Ma Rina, Chris og Brad handla.
Torsdagen moette me tidleg, klar for Fraser Island. Saag ein sikkertheitsvideo ang koyring paa sand, og etter ei stund sette me kursen mot ferja. Fraser Island er berre sand, og vegane var deretter. It's gonna be a bumpy ride!! Me bada i Lake Birrabeen og Lake Wabby. Lake Wabby laag ved ei sanddyne, og me maatte gaa 40min for aa komma oss dit.. Paa vegen tilbake gjekk me feil fordi me hoyrde paa ein tyskar. (Aldri hoyr paa ein tyskar naar du trur det er andre vegen- DU HAR ALLTID RETT). Det enda i at me gjekk 1 km i feil retning. Me fekk sjaa sanddyna og Lake Wabby fraa eit utsiktspunkt (var ikkje heilt bortkasta), men me fekk daarleg tid. Heldigvis kom halve gruppa feil veg. Me og eine fraa sveits tok ein veg som gjekk utafor sanddyna, alle dei andre gjekk same veg som me hadde komme. Me gjekk kjempe fort!! Smaajogga litt. Var kjempeheitt, me var SLITNE!! Malin: "no mangla mi berre Grete Maren!" Ho fraa sveits klagde paa at me var for trege og at dei andre sikkert var komne til bilane. STRESS. Naar me kom fram var me foerst. Kva var poenge med aa springa?? Sjaa positivt paa det: trim. (Det trengs.)
Om kvelden grilla me. Hadde ein dingo som "budde" paa campen, dei var ikkje saa skumle. Saag ut som ein pinglete hund.. Det var store edderkoppar paa toaletta og i dusjen. NICE. Me saav ikkje saa bra, sakna "The Castle" fraa Afrika! <3
Chris vart sint fordi me ikkje hadde frukostblanding. Joesses! Han hadde vaare med aa handla.. Fredagen bada me i Eli Creek og Champagne Pool. Sistnemnde er einaste plassen ein kan bada i saltvatn paa oya pga haiane. Det regna litt.. Saag skipet som har vaare stranda der i 76 aar. Om kvelden kokte sveitserane pasta til oss, det vart faktisk oye bra! Me sat rundt baalet med vin og gitar.
Laurdagen sto me opp 7, pakka sammen og reiste til Lake Allom og Lake McKenzie. Me reiste mot ferja igjen, og Chris hylte at me hadde oydelagt turen hans. Ustabil dude.. Om kvelden aat me nachos me gruppa foer me reiste til McDonalds og hang der 3 timar. (Pga gratis wifi ) Tok nattbussen fraa Hervey Bay til Brisbane.
Framme i Brisbane 6, me fann hostellet der Kjersti og Maria var og fekk oss senger paa eit 14mannsrom. Saav til hal10 og reiste til ein Koala Park. Der klappa me kenguruar, var paa fugleshow og sauehundshow!!!(det var stas :D fekk sjaa korleis ein klypper sau, HAHA) og me holdt ein Koala <3 Camilla skulle ta eit bilde av Malin ved inngangen og det kom ein liten gut aa berre "I wanna be in the picture, wait"! Soett. Tok bussen tilbake og moette Kjersti, Maria og Christina. Reiste ein tur ut, men kom ikkje inn- IGJEN fordi me ikkje har pass (visa ikkje godkjent). OMG!!
No ventar ei veke paa Fiji foer me reiser viare til USA :D Leigebilen staar forhaapentlegvis klar paa LAX, og me har sjekka ut prisar paa Universal, Warner Bror, Six Flags og Skydiving i San Francisco. Camilla gledar seg kjempe masse til COLD STONE og er redd ho kjem til aa rulle nedatt inkatrailen etter nesten ein mnd i USA. Time will show
- comments