Profile
Blog
Photos
Videos
Halloien!!
No er me komne til US and A, og har henta bilen vår- ein fantastisk blå liten Ford. Me kraia rundt i LA's gate- storkosa oss! :)
Har vore ei veke på Fiji, der me besøkte 3 øyer. Først budde me på ei øy nord, på Coral View. Derfra reiste me til Korovou og til slutt til South Sea Island. Me vart frakta rundt av ein gul ekspressbåt som stoppa midt på sjøen når me skulle av. Då kom det mindre båtar og henta oss. For kvar ny plass me kom til vart me mottekne med sang og handshake. "BULA!" Om kveldene underheldt dei som jobba der med sang og dans, og me er begge to gode på "bula-dansen" no! På korovou var det "bula-boys" som underheldt, med sarong og fireshow. Imponerande. Når me reiste att var det meir sang. Bula bula. Klem frå alle som jobba der- tok litt av.
Dagane på Fiji har gått med til å slappe av, bading, snorkling, båttur, grottetur. Nokre dagar regna det, men bygene gjekk fort forbi. Maten var litt ymse på coral view, men ellers bra:)
Kom i land på South Sea Island ca hal6 laurdagsettermiddag. Øya er så liten at du brukar 4 min på å gå rundt den. Kjempe kosleg! Me **** oss litt rundt, og er på veg til å ta oss ein kajakktur. Det kjem ein båt med fleire folk, og tru det eller ei- jammen kjem Kjersti og Maria i land. Dei hadde vore på seglbåt heile dagen og skulle bu på ssi ei natt til. Såv i sengene attmed dei. Snakk om tilfeldigheitar! Verda er ikkje så stor likevel.. På naboøya budde Hedda og Pia. Me møtte ikkje dei, men det gjorde Kjersti og Maria.
Søndagsflyet til LA var smekkfullt, og me fekk ikkje sitje saman. Me sat oppe, på gode plassar(som plaster på såret). Når me kom til passkontrollen tok det evig lang tid. OMG! Trur det tok oss 2 t før me trødde inn i bussen som tok oss til leigebilen...
Søndagen(som for oss vart veldig lang- reiste søndagskveld frå fiji, landa søndagmorgon i LA) køyrde me rundt i gatene og gjorde oss kjende, fann oss eit hostel- kjempe fint eit, og tok kveld. I dag har me vore på six flags magic mountain!! Anbefalast til alle som skal innom LA! Me sprang for å ta flest mogleg berg- og dalbaner, likevel fekk me ikkje oppi alt. Blant anna var den kjende bana frå introen til "Step by Step" stengd:( (Step by Step, day by day) men me hadde det heilt fantastisk, og var slitne når me måtte reisa frå parken kl6! Då gjorde det seg med litt mexicansk før køyreturen tilbake til Lincoln Bld.
USA er som forventa, godt å komma til eit land der ein veit kva ein får og der alle snakkar engelsk:) me ser fram til litt over 2 veker med bilen vår!
Ellers er camilla på level 10 i tapzoo, med graden A-. Malin var så uheldig at ho mista eit dyr ho hadde fått etter ein cross-breeding pga she didn't take vare of it.
Wee:)
- comments