Profile
Blog
Photos
Videos
Heisann!
No er me komne til "the land down under", etter aa sendt heim to tunge pakkar fraa Vietnam. Me vart kjempenoegde med klea vaare, og det var ein lettelse aa faa ut store delar av sekken aa senda det mot Noreg. Me flaug innom Kuala Lumpur paa vegen fraa Vietnam til Australia, fin flyplass. Etter mange timar paa reis ankom me Sydney tidleg paa morgonen. "YESS, channel 7 filma Border Security!! Ska mi slao oss vrange so mi kjemme pao TVNorge om ei stund??" Me saag desverre lite til kamera og crew, saa me oppfoerde oss fint og gjekk lett gjennom kontrollen. Me fann oss eit innbydande hostel i Woolloomoolloo, sentralt i Sydney. Var berre ein "walk through the park" saa kom me til operahuset. Sjoelve hostelle var litt so som so, og ein nedtur etter standarden paa siste hotellet i vietnam!! Budde ilag me 6 andre. Naar me kom fekk me beskjed om at rommet var klart, saa det var berre aa finna seg ei ledig seng. Ingen av sengene var reidde opp saa me vart litt usikre. Kanskje dei ikkje gjorde det sia det var eit litt shabby hostel. Heldigvis spurde me foer me fann oss til rette og fann ut rommet ikkje var klart. Det lukta ikkje saa godt der.... Det var heilt greit aa bu slik ettersom toalett/dusjforholda var heilt greie og me berre var der for aa saava :)
Tysdagen reiste me ut til Palm Beach for aa sjaa korleis "Summer Bay" ser ut paa ekta. Bussturen var lang, og me var litt usikre paa kor me skulle gaa av. Me gjekk av eit stopp for seint... Hehe :) Stranda var kjempe flott, og me kjende oss att fraa serien "Home and Away". Me nerma oss Surfeclub'n aa saag det var kamera og mykje folk der. Me vart heilt i hundre og fekk spurt ein mann kva dei filma. Jammen var det ikkje Home and Away. Synd me ikkje er like ivrige fans som me var for 6 aar sia :P Me fekk helsa paa "Morag", "Will", "Kane" og "Romeo". Bilde med dei og greier. Kom i prat med ein fraa crewet som spurde mykje om kor langt serien var kommen i Noreg. Litt flaut aa ikkje kunne svare paa alle spoersmaal naar me framstod som "We're huge fans of the show!!!!" haha!
Begge saavna paa bussen tilbake, slitne etter stjernemoete :P Naar me kom inn til sentrum att gjekk me paa kino, med verdens stoerste skjerm :D Einaste filmen me kunne sjaa var "Thron: Legacy 3D" men det var verdt det. Kjempe stas. Me fekk ei dame til aa ta bilde av oss med 3D-briller og skjermen bak. Ein ser ikkje att skjermen paa bildet :( Malin gjekk ut med brillene og vart biba tilbake. Me gjekk tilbake til hostelle for aa legge oss, tidleg start neste morgon.
Skulle moeta hal8 i Pitt Street for surfeturen vaar. Naar me kjem dit etter aa slite med oss bagasjen aa gaatt i ein halvtime finn me ut at det er feil i voucheren vaar og at me skulle vaare der kvart over 6! Helvette. Etter mykje styr att og fram, telefonar, feil info, rett info etc, bookar mojo togbillettar til oss som dei og betalar for. 6,5 time med tog til Kempsey. Det gjekk heilt greitt. Me kom fram aa fann ut at det var ei anna som hadde forsaave seg. Godt det ikkje berre var oss som kom for seint. Gjekk glipp av foerste surfetime og.. Me fekk kvar vaar tallerk med middag, saa som saa. Reiste ned paa stranda til resten av gruppa og var der utover kvelden. Spelte "Twist the 8". Morgonen etterpaa vart me vekte 6, rett paa stranda for aa surfe. Foer frukost. Etter frukost reiste me til Spot-X.
No er me nett ferdige med 5-dagars surfekurset. Det har vore kjempe slitsomt, men kjempe kjekt. Etter fysste time torsdags morgon saag Camilla moerkt paa aa i det heile teke gjennomfoera neste time. Alt vart betre daa me kom til Spot-X og fekk nokre brukandes instruktoerar. Sjoelv om alle var litt paa ein an planet, saa ga dei go rettleiing og me vart betre for kvar time. Malin vart fort kjempeflink, men surfinga tek paa. Skrubbsaar her og der. Smaablemmer. Camilla har eit oppskrapa kne og ein opphovna hals (fekk brettet i halsen). Men er verdt det! Er mange folk her, heil haug med norske. Me har budd paa rom med ei fraa Canada og ei fraa Israel. Camilla hadde eit lite sinneutbrot i gaar kveld paa isralitten ettersom ho er verdens mest respektlause og frekke person. Ho tok det fint, men ikkje til seg.. No skal me reisa til Byron Bay. Trur me skal vera der ei natt eller to foer me reiser til Brisbane og Fraser Island.
Camilla er litt bekymra for "Tap Zoo'en" sin. Malin har faatt Camilla hekta paa spelet, og no har me vore uten wifi ei stund og har ikkje kunne sjekka dyra i dyrehagen vaar. Malin er paa eit nivaa betre enn Camilla,. (er ikkje saa imponerande ettersom ho har hatt spelet leeeeenge, og Camilla nett har faatt det). Ein dag breeda Camilla ei loeve og ein tiger. Det vart ein Liger. Camilla har litt lite land, Malin fekk nettopp meir land. Derfor har ho ogsaa A+ . Camilla B. Camilla er saa hekta at ho nesten brukar pengar paa det! (slapp av, er berre NESTEN saa hekta). Litt irriterande naar folk kastar boss rundt om kring i dyrehagen. Haapar me snart faar sjekka dei :/ :D
TAP ZOO <3
:)
- comments