Profile
Blog
Photos
Videos
Daa var vekene i Australia over, og me har vendt nasen mot New Zealand.
Ankom Christchurch mandags formiddag og fekk etter litt trasking fram og tilbake sjekka oss inn paa hotellet som me skulle bu paa. Og ja, me hadde faktisk forhaandsbestilt to netter paa hotell. Dette kom litt overraskande paa oss, men eg skal sei at det var ein veldig positiv overraskelse, og litt luksus blei vel mottatt. To stk 1.20m senger og eige bad, pluss kjoeleskap var heilt topp.
Etter at me hadde sett oss kjapt om rundt hotellet, fann me ut at me ikkje orka aa gjere noe denne dagen. Saa ettermiddagen/kvelden blei tilbragt i senga med film paa TV'en. Ja, me hadde eigen TV og. Fantastisk.
Tirsdagen hadde me som maal aa finne ein turistinformasjon og faa bestilt oss tur vidare nordover med enten KiwiExperience, eller Stray. Sidan sentrum berre skulle vera ca 15 min gange fraa hotellet bestemte me oss for aa gaa.
Me proevde saa godt me kunne aa finna skilt og kart som kunne peike oss i riktig retning, men dette var lettare sagt enn gjort. Heldigvis fekk me hjelp av dei lokale, og etter eit par timar med trasking fann me endeleg turistinformasjonen rett ved sida av botanisk hage. Og der fekk me hjelp. Etter at me hadde tilbragt omlag ein time der hadde me faatt booka oss seter paa Stray-bussen som skal ta oss rundt soer-oeya fyrts, ogsaa nord-oeya etterpaa. Det var me veldig noegde med.
Etter at dette var i boks bestemte me oss for aa sjaa litt meir av Christchurch, og Britt Sissel hadde funne ut at det fantes ein garnbutikk her, saa daa bestemte me oss for aa proeve aa finne den.
Etter kvart som me gjekk gjennom Chrischurch vart det meir og meir tydeleg kor stort jordskjelvet som ramma byen i januar 2011 eigentleg var. Mykje av infrastrukturen var endaa oeydelagt, og det vart jobba paa spreng overalt. Utruleg trist aa sjaa korleis naturkreftene kan oeydelegge saa mykje.
Me fann tilslutt garnbutikken, og ei noegd Britt Sissel fekk kjoept seg garn. No begynte me aa bli bra svoltne saa me skulle proeva aa finna ein plass aa eta ein veldig sein lunsj. Dette var lettare sagt enn gjort daa kl no var blitt 16 og dei fleste plassane stengte enten kl 15, eller kl 17, saa der var ingen mat aa finne.
Men etter endaa meir trasking fann me tilslutt eit "container-mall", eit kjoepesenter bygd av containera, eit utruleg stilig konsept. Her fekk me i oss litt mat, foer me gjekk vidare for aa proeva aa finna eit supermarked. Dette fann me heldigvis ganske kjapt. Saa tusla me tilbake til hotellet. Etter over 7 timar med trasking i byen var det godt aa nok ein gong slenge seg paa senga med ein film.
I morgo seier me hade til Christchurch og vender nasen nordover til Kaikoura, saman med Stray.
Har hatt nokre flotte dagar i Christchurch, og synes at det verkeleg er synd aa sjaa kor oeydelagt byen er blitt.
- comments