Profile
Blog
Photos
Videos
BULA!
I går var me i Kaikoura ein liten by på austkysten av sør-øya i New Zealand. Her var det utruleg flott. Då me kom køyrande inn til byen fekk eg assosiasjona te Sveits og Østerrike. Majestetiske fjell med snøkledde toppar strakk seg bortover i horisonten, medan åsane under såg nesten ut som dei ikkje var ekte. Nydelege grønne "haugar" var overalt, med sauar og kyr beitande.
I Kaikoura hadde me muligheten til å sjå kvalar og delfinar, men sidan me hadde gjort dette i Byron Bay bestemte Britt Sissel og eg oss for å heller sjå oss litt om i byen. Då dette var gjort på ca 15 min blei det til at me fann ut at me sko setta oss ein plass og slappa av med bøkene våre. Men dette skjedde ikkje då me såg eit skilt om vinsmaking.
Me tok turen inn og blei godt tatt imot av ein tysk jente og Kiwi'en som dreiv plassen. Dei forklarte oss korleis me skulle gå fram, og at dette ikkje trengte å blakka oss fullstendig. Ein kunne sjølv velga kor mykje ein ville smaka, ka ein ville smaka og kor mykje peng ein ville bruka. Her kunne ein smaka alt ifrå 1 til 16 vinar.
Me satt oss ned med kvart vårt glas, og etter 1,5 time hadde me prøvd omlag 6-7 ulike vinar. For under 10 dollar. Det kan me leva med. Seinare på kvelden var det quiz på hostelet og me slengte oss med. Kan vel ikkje skryta så mykje av resultatet, men eg har høyrt at det er innsatsen som tel.
I dag tidleg gjekk turen vidare til Picton noko lenger nord. Medan me køyrde langs kysten såg me plutselig ein haug med selar som låg og kvilte seg på steinane. Me vart heilt satt ut av kor mange dei var og kor nærme dei var. Sjåføren vår køyrde oss litt til, også gjekk me ein sti litt innover i ein skog. Etter ca 10 min gåing kom me fram til ein kulp i elva der fleire selkvalpar bada og leika seg. Det var heilt fantastisk å sjå på.
Etter at alle hadde fått tatt bilde gjekk turen vidare. Me køyrde ei stund også svingte sjåføren forbi fleire store vingårdar og inn til ein liten lokal sjokoladefabrikk, der me alle fekk smaka på sjokoladen og sjølvsagt kjøpa om me ville. Klart me ville det! Britt Sissel og eg kjøpte med oss litt kvar, så no har me sjokolade resten av tida i New Zealand.
Etter dette kom me fram til Picton og fekk sjekka inn på hostelet vårt, The Villa. Veldig koseleg. Ellers har me kikka oss litt om i byn og tatt livet med ro i dag.
Då det plutselig var litt kaldt i går kveld og i natt har eg klart å få ein sår hals, og ein kropp som verker. Så i kveld er det berre panadol og kvile som står på menyen sånn at eg er klar for Marahau i morgon.
- comments