Profile
Blog
Photos
Videos
Vår første «all inclusive»-familieferie gjekk til Arguineguin på Gran Canaria og til Sunwing Arguineguin Seafront. Vi ankom 3. mars og var der ei veke.
Hotellet var fantastisk bra, og der får ein alt ein treng. Fokuset vårt denne gangen var å lage ein fin opplevelse for heile familien, men først og fremst for ungane.
Dagane gjekk i stor grad til bading. På hotellet var der 3 flotte basseng. Eit baby basseng (40 cm), eit barnebasseng (90 cm) og eit stort og djupt basseng. Temperaturen var god med opp mot 30 grader i bassenga. Der var og nok solsenger og god plass. Ein dag var vi på stranda, som låg 5 minutt gange frå hotellet.
Elles hadde hotellet Lollo & Bernie klubb med skandinavisk personale, og leikeplass. Heilt topp for ungane.
Som sagt hadde vi all inclusive, og der var stor buffet både til frokost, lunsj og middag. Maten var bra, og middagsbuffeten hadde ulike tema kvar kveld. Mellom måltida var snacks-buffet tilgjengelig med ulike smårettar + isbit drikke, så det var nok mat. Digg å alltid ha tilgang til is/mat, spesielt når ein har ungar som ikkje er så interessert i å ete til måltida.
Vi var nokre få turar til sentrum for å få litt variasjon. Handla litt på Spar og fann ein leikeplass. I tillegg gjekk eg nokre turar til «The cross» og strandpromenaden ut forbi Anfi. Det var ikkje for varmt, så veldig fint å gå tur morgon og ettermiddag.
På kveldane var det underholdning med Lollo & Bernie show, mini-disko og familieshow.
Vi fekk alt vi trengte og enda litt meir. Allereie på heimturen byrja vi å diskutere om vi skal bestille ein ny tur neste vinter, og svaret vart ja.
- comments