Profile
Blog
Photos
Videos
Beklager det lange oppholdet, men vi lever, og vi har komt fram til Ko Pha-ngan.
Foerst og fremst kan vi melde om at Linn er paa bedringens vei etter kampen mot den thailandse bakteriekulturen. Linn maatte laere paa den harde maaten at proevesmaking, fraa samtlige boder paa nattmarkedet under vegetarfestivalen i Phuket town, ikkje var det luraste vi kunne gjere. Linn greier framleis ikkje aa sjaa paa bildene vi tok den kvelden. Om ei veke er kanskje Linn enig i at det var ein interessant opplevelse aa rusle mellom bodene og spoer "What's this?", og peike paa dei ulike delikatessene. Salgsmenna var ikkje saa stoedige i engelsk, men "very good" holdt i massevis for oss, som proevde den eine vegetar-retten etter den andre. Vaarrullar, kokoskuler, pannekaker med peanoetter og sjokolade, kastanjenoetter steikt med kaffi og ei heil liste med frityrsteikte fristelsar.
Prisen maatte vi betale neste dag, naar turen til James Bond Island vart bytta ut med ein heil dag paa hotellrommet. Ingvild unngjekk paa mirkuloest vis aa bli daarlig, og nytta dermed dagen til aa lese bok, avbrudt av hyppige 7-eleven-besoek for aa hamstre noedproviant.
Den aarlege vegetarfestivalen bydde ogsaa paa ein parade gjennom byen. Her gjekk oransje- og kvitkledde menn og kvinner, nokre utkledde som dragar og loevar, mens andre hadde dekorert seg med piler, sverd, spyd, tau, parasollar (ja, faktisk!) gjennom munnen. Det var mykje liv i gatene, med folk, bilar og motorsyklar, og hoeg musikk dagen lang. Ellers fekk vi sett "On on hotel", hotellet kor Leonardo Dicaprio spelte inn fleire scener i filmen "The Beach".
Neste destinasjon var Suratthani. No har vi endeleg laert oss aa ikkje bli lurt av sleipe taxisjaafoerar som veit aa utnytte uvitande turistar. Vi fekk tilbudet om aa betale 200 baht (ca. 40 kroner) for taxi-turen til hotellet, men vi hadde faatt opplyst at prisen eigentleg var 20, og fann etter kvart ein hyggelig mann som ville frakte oss for den rette summen. I Suratthani tilbrakte vi ei natt paa eit hotell som egentlig var litt for luksus for oss, med eigen mann for aa opne doerene for oss, piccolo som frakta baggasjen til rommet, treningssenter, basseng og room service. Linn var ikkje klar for ei ny runde med thaimat, saa vi nytta oss av room service-tilbudet, og bestilte pizza paa rommet. Ingvild, som hadde mykje energi av aa bare ligge paa hotellrommet aa spise kjeks ein heil dag, proevde ut treningssenteret. Det blei ei heller svett affaere.
I dag tok vi buss og ferje til Ko Pha-ngan, og har sett fram til late dagar i solsenger paa stranda. Dessverre har det poesregna stort sett i heile dag, og plan B blei dermed aa kjoepe fleire boeker. I morgon lurer i paa aa reise paa elefant-ridning.
- Linn og Ingvild, ved godt mot, tross alt-
- comments
Roald Hei jenter ! Etter fleire dagar uten en lyd fra dokke var det stor stemning i stua her i Nakkjen naar bloggen var paa PCen. Bare saa synd at magen slo seg vrang for Linn. Forstaar det blir ikkje enkelt aa vaere drosjesjaafoer i Bergen naar dokke er heime igjen ? Ha en fortsatt god reise og pass paa kvarandre. Hilsen bestemora og bestefaren.
Tanta Det var godt å høyre livstegn igjen og godt at det no er bra med dokke. Får satse på at de no er akklimatiserte så det går bra med vidare prøvesmaking. Enig i at når de er på tur må de smake det lokale, kjøttkaker og fårikål får vente til de er heime. Kos dokke vidare og pass på kvarandre. God tur og godt mot!
Janne ENDELEG blogg igjen. Det høyres ut som vi ikkje har anna å gjere, men vi vart litt bekymra når meldinga om matforgiftinga nådde oss, og ikkje eit livstegn. No er alt bare såre vel, så no kan vi konsentrere oss om andre ting. Trøst dokke med at her regnar det så uendeleg mykje meir, - og her er det sikkert 20 gr kaldare. Nyt turen vidare. Klem:)
Sverre, Margrete og Marianne Hei jenter, takk for ny oppdatering! Fint at helsa er tilbake for deg Linn. Tenker det var en ubehagelig opplevelse. Men slikt pleier å rette seg ganske raskt. Så vær forsiktig med maten videre videre begge to. Her er fårikålsesongen på hell og lutefisken på vei...:-)) Beste hilsen til dere begge videre fra oss i Ås! Margrete, Marianne og Sverre