Profile
Blog
Photos
Videos
Det er paa tide med oppdatering fraa storbyen Bangkok!
Loerdag dro vi fraa Ko Phangan. Vi tok ferga paa formiddagen til Surat Thani, kor vi maatte tilbringe nokre timar foer vi tok plass i bussetet, med Bangkok som neste stoppestad. Turen tok ca. 10 timar, og det var lukus heile vegen. Med VIP-bussen fulgte det gratis mat, vatn, ullpledd, SAERS god beinplass, tv som sendte thailandske saapseriar og super utsikt fraa fyrste rad i oevrste etasje av bussen. Digg!
Problemene starta ikkje foer vi ankom Bangkok. Vi trudde at vi var blitt ganske gode paa aa unngaa turistfellene, men Bangkok skulle vise seg aa vere ei utfordring. Vi har endaa ikkje moett ei aerlig sjel, her er derimot nok av folk som utgjer seg for aa vere taxisjaafoera, men som bare tar blodpris for aa frakte baggasjen vaar til sjolve taxien, taxisjaafoera som set paa takstamteret, men koeyrer rundt og rundt foer dei tar oss til vaar endelige destinasjon, og tuk-tuk-sjaafoerar som fleirdoblar prisen for oss turistar. Det er travelt aa ikkje kunne stole paa nokon, aa maatte krangle seg til ein rimeleg pris, og aa alltid vere paa vakt for kjeltringar. Ellers er Bangkok ein spennande by med mykje liv og roere. Foreloebig har vi sett mange tempel, bl.a. Wat Pho, som inneheld ein 45 m lang, liggande Buddha. Imponerande. Ingvild maatte paa shopping for aa komme inn i templene, og pga begrensa utvalg, gjekk ho til innkjoep av ei fasjonabel skjorte. Daa vi ville trekke oss tilbake til vestlege kafear med air-condition og internett, fekk vi ogsaa gleda av aa gaa i ei anna turistfelle. Taxisjaafoeren som skulle frakte oss direkte til hovudgata, valde aa stoppe ved ein juvel-butikk (trass i kraftige protestar fraa ei overoppheta Linn) Vi fekk beskjed om at vi maatte tilbringe minimum 10 min i butikken, for daa fekk sjaafoeren 5 liter gratis bensin fraa eigarane (10 liter dersom vi kjoepte noko) Vi var nesten paa graaten, og foelte oss baade dumme og snytt, men vi tok oss saman, vandra fraa juvel til juvel, og paa sekundet 10 minutt etter vi forlot taxien, var vi ut av butikken igjen. Det var mildt sagt daarlig stemning i baksetet siste strekninga. Det positive var at turen vart veldig rimeleg.
Etter nokre gode timar paa internettkafeen, med iste, kaffe mocha, jordbaer-smoothie, vaffel, twix og muffins, var vi komt til hektene igjen, og humoeret var igjen paa topp. Vi avslutta det heile med vietnamesisk middag (Ja, magen er frisk nok til det) Foer vi rusla heim til hotellet, tok vi turen innom Patpong, som er kjent for nattmarked og Red Light District. Det var ein interessant plass med mykje rart aa sjaa.
I morgon er vi klare for aa vende nasa mot Laos! Vi foerebur oss paa ei lang og smertefull reise. Det tar vel naerare eit doegn, og vi maa ta to tog og ein buss foer vi er framme i Vientiane. Vi satsar paa at denne byen er meir gjestmild.
- Linn og Ingvild, nokre baht fattigare -
- comments
Janne Hei igjen. Det skal godt gjerast å ikkje bli lurte. Det lyser turista av dokke lang vei:) Men litt av sjarmen er dette òg, og noko dokke kan le godt av ved eit seinare høve! Ta det med godt humør, det vil gje dokke betre dagar og nyte turen betre. Kos dokke vidare.
Sverre Hei, takk for nytt reisebrev. Sannelig opplever dere mange taxiutfordringer. Det er en annen kamp for tilværelsen enn i drosjenæringa i Norge.. Det er godt å høre at magen er bra igjen og at maten smaker. God reise videre! Hilsen Sverre fra Trondheim nå.
Tanta Det var godt å sjå dokke på tråden att. og godt at de kan ete som vanleg igjen. Vi får håpe det er ærlegare sjeler i neste reisemål. Her høljar det så de gå ikkje glopp av noko her.
Roald Hei jenter ! Litt lureri maa dokke nok regne med paa en saa lang tur, men forstaar dokke tar det med godt humoer, og det er bra. Har et inntrykk av at dokke er like som to draaper vann. Fortsett slik saa gaar resten av turen like godt som til no. Her er alt bare bra. Hilsen bestemora og bestefaren.
Mamma og Marianne Hei begge to! Takk for spennende leseinnlegg.i dag har vi kjøpt klementiner og pepperkaker og julemarspianen begynenr å komme. Alt i slutten av oktober, synd og skam! Lykke til videre - vi tenker masse på dere. Klem fra p3
Marte Heeeeeeeeeei :) Eg lova dokke ein kommentar så her kjem den. Håpar humøret er på topp etter at snille foreldre har hjelpt dokke med transport slike at de slapp eit døgn med reising :) Eg må sei eg er imponert at de klarar å motstå alle shoppingfreistingane undervegs. Håpar forresten på ei slik thaibukse til jul , viss du har plass i bagasjen :) Stor klem!