Profile
Blog
Photos
Videos
Laurdag 19. oktober!
Lang, framifrå dag! No er klokka pålag halv sju, eg sit på ein bar (eg - ingen andre sjølvsagt), og har fått meg ei øl!
Har gått den obligatoriske runda på kanten av fort Galle, på muren kring byen. Eg starta i solnedgang, så det vart så som så med lyshøve for mobilkameraet. Men finfint var det! Eg får byrje frå start..
Vakna kvart på seks og var slik passe klar for å reise på tur, som ein gjerne er når klokka enno ikkje har passert 0600.
Men eg kom eg opp og ut på gata for å leite etter trehjuling til jernbanestasjonen, Colombo Fort. Så tidleg ein laurdagsmorgon var det ikkje
spesielt mange tilbod.. ein lastebilsjåfør kunne fortelje meg at buss 138 går herifrå til Fort... men kjære vene. Eg skal vere eit par veker til
i Sri Lanka før eg freister lukka på lokalbuss. Så etter nokre minutt kom Ilak! Ilak han har p-plass like ved leiligheita mi
og kunne ikkje skjøne kvifor eg ikkje har tinga han tidlegare. Han er på 24/7 han, så eg fekk nummeret og lova å ringje neste gong eg hadde eit ærend! Eg tykte han tok litt overpris - skulle ha 300 frå Hunupitiya til Fort! Fekk 200 etter noko pruting.. får vere nøgd med det.
Togstasjonen var slik ein kan vente seg av ein togstasjon i Sri Lanka... det var tog der.. og det var folk. Fann fram til billetten min som var førehandstinga
og spor 5. Toget kom eit kvarter før tida og eg fann vogn og plass. AC i vogna (Vart faktisk litt kaldt til tider), wifi (med fart!!), og
straum i veggen. Altså.. NSB - ta dykk ei nepe. Eg prøvde litt boklesnad men måtte gje opp då sideristinga var for kraftig. Men finfin togtur. Utsikta var noko øydelagt av mykje regn. Toget brukte ca 2,5 timar frå Colombo til Galle - billetprisen ca 50 NOK.
Eg var ikkje heilt sikker på kva eg skulle gjere då eg kom til stasjonen. Eg hadde førehandstinga hotell, men det er noko tidleg
å sjekke inn klokka 10 om morgonen. På veg ut av stasjonen vart eg møtt av ein sedvanleg gjeng med trehjuling-sjåførar som alle visste kvar eg skulle.
Eg kom i prat med ein kar som lurte på kva eg ville, og eg sa eg trong frukost! I need breakfast. Very well, I take you nearby. How much spurde eg, som
vanleg er i Colombo. Nothing, I will take you breakfast. Her skulle ein tru at ein av tidenes mest opplagte ripoffs skulle ta plass,
men historia ville det annleis. No byrja nemleg ein av dei beste dagane eg har hatt på tur! :)
Janaka heitte fyren, og tok meg med bak hjørnet til ein plass eg tipper eg fyrst og fremst ikkje hadde funne sjølv... og om eg hadde
funne plassen hadde eg antakeleg ikkje ete frukost der! Kva vil du ha? Tja.. eg har vorte ganske vant med Rice & Curry sa eg.
Då kunne eg faktisk sjå alle på frukostplassen smelta.. :) Egg or Fish? Egg. Men eg åt ikkje opp egget.. Karen ved sidan av frokostplassen han hadde vore i Noreg eit par gonger då kjærasten hans var derifrå. Eller eksen hans no då. Han hadde budd i Stavanger, vore både i Oslo, Hamar og Alta -
og hadde mykje vent å seie om Noreg. Så eg seier vene ting om Sri Lanka også. Frukosten kom på 100 rupees, men det var berre fordi me
gløymde å betale for vassflaska. Får ordne det i morgon.
Så.. Janaka var ivrig etter å syne meg ting. Og som traust nordmann og vangsgjelding var eg ivrig etter å vere skikkeleg mistenksam.
Ein skal ikkje kimse av mistenksamheit, ein god kombo av det og godtruheit er sånn passe. Eg valde å stole på Janaka og sa ja til både Fishermen on poles,
finest beach in Sri Lanka og Rock Temple. Så fôr me avgarde - men ikkje før han hadde hyra fettern sin, Dilan, til Trishawsjåfør og seg sjølv som guide.
Fyrste stopp var fishermen on poles! Om de googlar Sri Lanka og fishermen, så finn de det garantert. Der sit dei på stokkar uti havet
og pilkar etter sardinar og andre fisk som kjem forbi. Eg fekk sågar prøve sjølv! Sjå bileta og sjå eg fekk fisk! ;) Pris? Ein skulle tru
ubetaleleg, men 50 NOK skulle dei faktisk få desse ivrige fiskarane. Då hadde eg tatt masse bilete og fått freiste fiskelukka sjølv også :)
Beautiful beach! Og sanneleg det var ei vakker strand! Folketom og sand så langt auga kunne sjå. Kanskje ikkje så rart då det striregna
og klokka enno ikkje hadde passert 1130.. Men fint lell, og eg fekk meg ein kopp kaffe på stranda under bråkande blikktak. Og Janaka og Dilan fekk kvar sin brus.
Vidare bar det åt Herbal gardens. Eg hadde forteld Janaka på turen at eg hadde ein vond skulder, og han visste plassen for å bli frisk!
I herbal gardens vart eg teken rundt på ei runde omvisning kring ulike krydder, planter og frukter som veks i Sri Lanka. Mest interessante var
ei plante som hadde i seg hovudingrediensen i tiger balsam (ja sjølvsagt laut eg kjøpe eit glas av denne), ein ananas som vert eten av
jenter i utsatte område som vart ufrivillige gravide. Natural abortion (nei, den kjøpte eg ikkje). Forøvrig forbudt ved lov å dyrke
utanfor slike gardens. Nellik, kanel, pepar, ingefær, og så bortetter. Aloe Vera, og ein krem som rydda vekk uønska hårvekst særs
effektivt. Kjøpte ei slik krukke. Må testast. Seier ikkje kvar. Mykje meir - hugsar ikkje alt.
Då turen var over var det sjølvsagt klart for ein gratis massasje! Og herremin! Til tider var det tre folk som gauv laus på stakkars kroppen min.
Særleg skulderen då dei visste den var i ulage. Men heile kroppen fekk køyrd seg: andlet, hovud, armar, bein, rygg, nakke, fingrar og tær. Eg gav
omvisaren og massøren 2000 Rupees (Eg hadde ikkje småsetlar..! Ca 100 NOK noko Janaka seinare fortelde meg han synst var noko i overkant :D )
(No bles det opp i Fort... det kan eg seie. Regn kjem inn alle kantar, men eg har det fint eg. Hadde venta snø på denne årstida uansett)
Vidare bar det til ein smykkesteinverkstad. Men på vegen laut me stoppe på ein wood carving shop. Eg berre spurde om det var wood carving, og vips hadde Dilan snudd Trishawen rundt. Eg hadde ikkje tenkt å kjøpe noko... men.. kjøpte eit skrin og endå ein elefant. Altså.. fillern. Eg har snart eit transportproblem. Elefantar er nemleg ganske tunge. Men eg fekk pruta båe ned nesten til halv pris. Sjølv Janaka og Dilan syns eg hadde vore flink. Eg spurde dei etterpå!
Så bar det vidare til smykkebutikken som hadde ei litta gruve med verkstad bak butikken. Etter ein liten omsyning fekk eg kome inn.
Mykje er billeg i Sri Lanka slikt som moon stones, safirar, og noko gull. Eg kjøpte noko til nokon. Også her fekk eg nesten halv pris, sjølv
etter at innehavaran sa han hadde gjeve meg lokal pris (Janaka fortelde alle at eg ikkje var turist men jobba og budde i Colombo). Jaja.. altså.. pris er pris.
Naiv eller ikkje vel eg å tru at mange andre turistar betalar ganske mykje meir enn meg. At eg betalar litt ekstra enn lokale er nesten berre rett og rimeleg.
Då var det faktisk dags for lunsj, og Janaka navigerte fram til ein plass som serverte kinesisk og mykje anna. Igjen - me tinga oss noko risrettar saman.
Og nokre øl. Dilan fekk litt han også, men ikkje mykje.... :P. Passe. Til risrettane kjem det også ei lita skål med chili som ein blandar i
alt etter kor sterk ein vil ha risen. Eg plar gå ganske offensivt ut, noko som straffar seg etter kvart. Men det vert betre og betre!
Chili smakar veldig godt, men herrejemini... kor sterkt. Gutane lurte på kor mykje eg tente per månad. Etter eg hadde forteld dei
at eg jobba for eit IT-firma som hadde kontor både i Colombo og Oslo. Eg prøvde å forklare løn i høve til levekost i Oslo, og trur eg kanskje klarte å forklare. Men for ein som tener kring 10-15000 Rupees i månaden kan det vere vanskeleg å forestille seg ein som tener kring 500K Rupees og har buutgiftar mellom 300K og 400K Rupees i månaden.
Det vert ganske store skilnader. This beer, fortelde eg dei, would have cost 2000 Rupees in restaurant in Norway. Å oversetje valuta i kr. per halvliter er noko alle kan forstå.
Etter endt lunsj køyrde me innom barberaren. Der var det kø så me tek heller turen i morgon tidleg. Janaka plukkar meg opp ca 10:00. Meinte ei barbering burde kosta kring 100 Rupees.
Kring 4 kr. 50 øre der altså. Akseptabel barberings-pris.. :)
Eg hadde ikkje prata pris for dagen med Janaka i det heile. Så eg tenkte.. anten tek han ein helskotas overpris og me treffast aldri att, eller så
tek han ein rimeleg pris og eg ringer han i morgon. 5000 LKR, oppunder 250 NOK for ein slik dag?? Det fekk han utan spørsmål. GODT mogleg
han får noko ekstra når eg dreg attende til Colombo i morgon. Eg trivst godt i Galle. For 99Xarar eller andre nordmenn som er i Colombo og treng
ei helg utanfor, er Galle absolutt å tilrå!
Eg skriv måndag 20. oktober og eg har funne godplassen på Cheers Pub inne i Cinnamon Grand. Eg og ein Lion. Large. Lang dag på kontoret i dag,
men no er det sanneleg på tide å oppsummere og få skrivi ned reisedagbok for mine fyrste tre veker i Sri Lanka. Fyrst må eg skrive ferdig om helgas opplevingar:
Då eg var ferdig med øl og skriving laurdag, bar det attende til hotellrommet for ein kjapp dusj før eg laut finne middag.
Men nei då, då var det for seint å oppdrive middag. Så det bar attende til baren eg hadde vitja rett før, og eg og eit par Lion Lager satte oss ned og kikka på folk.
På nabobordet vart eg etter kvart merksam nokre folk som misbrukte ei flaske Famous Grouse på det grovaste. Cola i Grousen? Eg sprang sporenstreks til baren og ba om å få eit tomt glas. Det er nemleg slik at ein ratt kjøper heile flasker på bordet i Sri Lanka, difor kunne eg vere så frekk å be om å kanskje få ein liten tår. Det fekk eg - reine redningsaksjonen..
Eg fekk nokre fleire glas og før eg visste ordet av det vart eg med desse folka på fest. Dei var innfødde Lankerar og reint så trivelege! Fest vart det, og morgonen (føremiddagen) etter var mobiltelefonar tomme for batteri og lommeboka tom for pengar. Eg skulle møte Janaka utanfor hotellet klokka 10, klokka 11 ringde han meg og spurde kva eg dreiv med.
"Kjem trast" svara eg, og gjorde så.
Sidan eg var noko sliten og slikt noko reiste me fyrst attende til Herbal Gardens kor eg fekk ein full body massage! Det gjorde godt for kropp og sjel, om enn eg følte meg noko krenka etterpå. Nok om det ;)
Etterpå reiste me attende til stranda, og der vart me eigentleg sitjande nokre timar. Tinga oss ein heilgrilla tunfisk, og kikka på damene og sola. Mykje russerar på ferie der altså.. pålag nesten berre russerar.
Eg hadde ikkje tinga nokon bussbillett heimatt, og om eg hadde er eg usikker på om det hadde gjort nokon skilnad. På busstasjonen var det kø langt som eit vondt år (eit vondt år er noko slikt som 150-200 meter langt), og dei aller fleste skulle attende til Colombo. Med fridag fredag (Poya day (Fullmånedag)) var det mange som hadde take seg ei langhelg.
Men Janaka fann fram til ein minibuss han. Det var ingen ekspressbuss, og det var trongt om plassen (Det er faktisk ikkje fullt på ein buss i Sri Lanka før det renn over) og (bussen stoppar faktisk ikkje nødvendigvis for å plukke deg opp eller sleppe deg av, du må berre ta sats og hoppe (og så eventuelt springe rett veg)).
Men etter nokre timar var eg attende i Colombo, bussbilletten kosta 275 Rupees = ca 13 kronasjer. Vel heime vart det tinga etter Pizza Hut pizza, og eit par episodar av nedlasta Big Bang Theory.
Finfin helg!! Absolutt!
- comments
Fattern Fatt deg i kortheit heretter !