Profile
Blog
Photos
Videos
Me reiste frå Rainbow Beach kl halv 1 om formiddagen, og etter ein 2-timars busstur var me i Hervey Bay der me måtte venta et par timar på neste buss som skulle ta oss til Airlie Beach. Denne bussen tok ca 14 timar, og me var ikkje framme i Airlie Beach før kl 7 neste morgon. Dette er ein liten og koselig by, mest kjent for å vera avreisepunktet for alle båtane som går til Whitsunday Islands. Desse øyena, omringa av korallrev (Great Barrier Reef) var også grunnen til at me befant oss i Airlie Beach.
Klamme og ekle etter ein lang busstur (og ein regnskur) rusla me avgårde for å sjekka inn på kontoret til seglbåten me skulle ta kl 2 samme dag. Etter det var gjort begynte den desperate jakta på ein dusj. Me var dessverre uten hell og innsåg at me måtte nøya oss med ein manshower (=å skvetta litt vatn under armane) på et offentlig toalett.
Kl halv 2 var det tid for å møta opp på brygga der båten vår "Condor" skulle reisa frå. Condor var ein middels stor seglbåt med plass til 29 landkrabber som ville prøva seg på sjørøvarlivet, og 2 ekte sjørøvarar som jobba på skuta (me liker iallfall å tru at det var ei skuta) i tillegg til kapteinen, Andy. Været var dessverre ikkje på topp, overskya og til tider litt yr. Me var likavel ved godt mot då me kom fram til første stopp på turen, der me skulle snorkla. Me fekk tildelt kvar vår sexy stingersuit (som sku beskytta oss mot sjøuhyrer) i tillegg til snorkel og dykkarmaska. Etter å ha fått på oss alt utstyret var me endelig klar for å gå planken og hoppa i havet. Me snorkla i ca ein halvtimes tid, fekk sett litt fisk og korallrev, men det var nok ikkje den beste plassen å snorkla på. Etter å ha komt oss ombord i skuta igjen reiste me vidare til der me skulle kasta ankeret og ligga over natta.
Det var veldig trangt og forferdelig varmt og klamt å sova i båten. Me var derfor letta når morgonen kom snikande og me kunne springa opp på dekk for å kjøla oss ned. Kl halv 7 satt me kursen mot Whitehaven Beach, ei strand som blir rekna som den 3. finaste stranda i verda!
På vei ned til stranda gjekk me forbi nåken grønne maur som ei frå crewet på båten sa at me måtte sleika på rumpa fordi dei smakte lime. BigM var nysgjerrig på om dette faktisk stemte og måtte derfor prøva å sleika ein. Den smakte surt. Som lime.
Me måtte ha på oss stingerdraktene våre for å bada i tilfelle me sku bli stukke av nåke giftig, f.eks den stingrayen (sånn flyndrelignande fisk som drepte Steve Irwin) som svømte rett forbi oss! Etter ein forfriskande dukkert var det tid for soling på stranda, og me slo av ein liten prat med ein svenske (på engelsk).
Når kl var 11 var det på tide å rusla tilbake til skuta der lunsjen var klar. Etter lunsj segla me vidare til ein ny snorkleplass der dei sa at me kunne sjå Elvis, som var ein kjempestor fisk. Denne snorkleplassen var mykje finare enn gårsdagens, og me såg ein haug med fine og fargerike fisk (+nåken kjedelige gråfisk). DunderNina var tilogmed så heldig at ho fekk helsa på Elvis! Han var et digert beist av ein fisk som svømte sakte rundt og skua på alle snorklarane. På hovudet hadde den ein stor sleik, akkurat som kongen sjøl hadde.
Utenom å snorkla vart tida flittig brukt til å ligga på dekk og sleika sol. Me var svært heldige med været for det hadde visstnok pøst ned dei siste to vekene, mens desse dagane skein sola, og ein skal ikkje klaga når crewet innimellom satt fram fat med nachos og ost og kjeks.
Kveldane på båten kunne virka svært lange, men det var heldigvis nok av stjerner å sjå på, og me tok oss vel i å bli dei to rare som satt og dingla med beina og såg på fiskane i havet framfor å hella nedpå med goon og henga i "røykehjørna". Og er det forresten nokon som veit kva morsekoden seks korte og ein lang er?(Visst det er ein morsekode), var nemlig et lys langt unna som blinka dette kvar kveld til DunderNinas store irritasjon.
Den siste dagen som sjørøvarar var det tidlig opp, og me fekk såvidt slukt ferdig frukosten før me fekk snorkleutstyret slengt i fanget. Denne gongen vart BigM igjen for å passa skuta, mens DunderNina hadde hørt rykter om at ein kunne sjå skilpadder der og hoppa derfor ivrig ut i vatnet for å finna dei. Det heile vart ein stor skuff då vatnet var skikkelig grumsete og det nesten ikkje gjekk an å sjå noko som helst. So segla me rolig tilbake mot Airlie Beach i finværet og hadde resten av dagen til å finna på sprell der. Første post på agendaen var å ta seg ein etterlengta dusj!
Dusjen var fantastisk forfriskande og då me var ferdige følte me oss reinare enn me hadde gjort sidan me starta reisa. Følelsen skulle dessverre visa seg å bli kortvarig, dusjen var nemlig på et knøttlite rom uten vindu eller nåken form for lufting og sidan me befant oss i ein veldig varm og klam liten by tok det ikkje lang tid før svetten begynte å renna. Det heile var ganske frustrerande, du kunne ha tørka deg ferdig på et område, så fokusert på et anna område i to sekund og når du såg tilbake igjen var du lika fuktig igjen. Håplaust! Etter ei stund med banning og svetting såg me oss omsider ferdig med prosjekt dusj og kunne gå over til å gjera andre ting.
Airlie Beach har kun ei gata, som me vandra fram og tilbake, og stakk innom ulike butikkar som virka spennande. På ein av butikkane oppdaga me plutselig at me var omringa av dei sveitsiske jåledokkene frå Fraser Island, og me styrta ut av butikken før dei rakk å få auga på oss. I tillegg til jåledokkene traff me på et par danska som me også hadde blitt kjent med på campingen. Nok ein gong; Australia er eit lite land! Me fann også et par mjuke raringer som me falt pladask for og vurderte lenge om me kunne få plass til i sekkane våre. På den eine butikken hadde dei nemlig to fantastiske onepiecer, ein av Elmo og ein av kakemonsteret! Me måtte prøva dei på i butikken med ein gong. Sukk. Etter mykje fram og tilbake tok dessverre fornuften overhånd og me hang dei med tungt hjarta tilbake igjen. Heldigvis fann me oss litt seinare to toppar med dei to sjarmørane på, så det vart et lite plaster på såret.
På kvelden bestemte me oss for å bli med på pub crawl, det var jo tross alt laurdag! Her traff me på ein artig gjeng som kunne virka som dei hadde kjent kvarandre heile livet, men som egentlig berre hadde kjent kvarandre i to dagar og hadde møttes for at alle budde på samme hostelrom. Gjengen bestod av blant anna canadiske Will (også kjent som Willhelm, William Turner eller Canadia) og halvbroren hans Alex, hollandske Debbie, tyskaren Leander (bursdagsbarnet), britiske George (som no går under kallenamnet britch) + mange fleire tullingar. Dei lærte oss ein alternativ måte å spela stein, saks, papir, nemlig crocodile, stingray og Steve Irwin, der sistnevnte slår crocodile, crocodile slår stingray og stingray slår sjølvsagt Steve Irwin. Spelet gjekk ut på at vinnarane fekk knipsa taparane i panna, ein merkelig, men underholdande (iallfall for ei lita stund) leik.
Etterkvart som uteplassane me drog til vart dårligare og dårligare forsvant den nye flokken vår litt etter litt, men det hadde uansett vore ein morsom kveld og me var fornøgde og glade då me rusla tilbake til hostellet.
Ellers på dette opphaldet har me hengt ved lagunen, der det var veldig fint å slappa av (eller stikka innom doen når det var langt å gå til hostellet).
No går ferda vidare mot vårt nordligaste stopp i Australia, Cairns, der me forhåpentligvis får helst på nokre gøyale dyr og andre merkelige skapningar!
-BigM & DunderNina
- comments
Onkel Morse, Åsane 6 korte + 1 lang= KENGAROO