Profile
Blog
Photos
Videos
Andre dagen i Beijing. Her fekk me sett den forbudte by, den himmelske fredsplass og sykla rundt omkring i Hutongområdet. Gruppa som me reiser me er kjempekoselige, og Andrea har blitt kjent med nokre jenter på samme alder. I tillegg så har ho blitt hovedattraksjonen til kinesiske turister. Ho blir stoppa rett som det er av folk som ynskjer å ta bilder saman med ho. Ho syns det er kjempegøy å vere "kjendis" i Kina. ;)
På sykkelturen vår så stoppa me hjå ein familie og åt lunsj. I tillegg fekk me besøk av "The Cricket Man" mens me åt lunsj, han var visst nok ein kjent person i Beijing som alar opp sirisser til sirisskampar/gambling. Ein god siriss/cricket (eg trur cricket er siriss på norsk :/ ) er verdt meir enn ein hest i Beijing. Dei kan tjene opp til 1.million kr på ein kamp, og ein 'cricket' som har vunne nokre kampar kan koste bortimot 20000 dollar (US). Så det er 'big business'.
I tillegg var me på eit akrobatikkshow på kvelden, men det var litt for hasardiøst for min del, men likevel var noko av det fint å oppleve. Skjønt eg blei skikkeleg svimmel og kvalm fordi mykje gjekk rundt og rundt på scenen med livet som innsats, så etter showet var det rett heim og rett i seng.
- comments
Nina Kathrin Fantastisk ❤️
Wenche Så mykje på kort tid! Høyrest berre kjekt ut, og så moro å få ta del i det de opplever! :)