Profile
Blog
Photos
Videos
No har me hatt 2 pulserande dagar i Shanghai, og det er ikkje før no på reisa at me har fått oppleve enorme folkemengder. Me har vore så forbausa over kor lite folk det eigentleg har vore rundt omkring i Kina på dei plassane me har vore, spesielt med tanke på kor stor befolkning det er her. Me trudde det kom til å vere meir hektisk i dei store byane me har besøkt.
Shanghai er ein flott by. 'The Bund' som gir ein fantastisk skue over den futoristiske byen, virka nesten uverkeleg. Me brukte litt tid på promenaden ved elva fordi me ville få med oss solnedgangen og korleis bybildet såg ut på kvelden. Byen har mange flotte bygningar, og dei bruker mykje lys for å vise dei fram om kvelden.
Andrea fekk shoppa litt frå seg i denne byen. Etter mykje leiting etter vestlege klede, så fann ho endeleg noko som såg bra ut. Shopping i Kina er interessant nok i seg sjølv, for sjølv om det er kjente kleskjeder som Vero Moda, Zara, Forever21 osv så er kleda heilt annleis. Størrelsen treng me ikkje å gå innpå eingong. ;) størrelse L ser ut som vår S, så til og med Andrea følte seg litt stor til tider. Me har vel ikkje sett meir enn ei håndfull overvektige her borte, så eg har nesten blitt ein attraksjon rett og slett. Eg har vel aldri blitt så bevisst på min eigen størrelse som etter desse vekene her borte, nokre peker og ler medan andre stirrer så mykje at dei nesten ikkje klara å gå videre. Andrea på ei anna side, har fått 'superstjerne' status.
No seier me farvel til Kina etter 3 1/2 veke her, og gjer oss klare til Tokyo. Det blir spennende å få komme til eit nytt land no kjenner me, men me kjenner og på kor mykje me saknar hundane våre og alle rundt oss heime. Borte bra, hjemme best. ;)
- comments
Wenche Fantastisk kjekt å lese, høyre og sjå bilete av "alt" de opplever. Så bra at du skriv, Ingunn, morosamt å lese! :) Det beste er at helsa di blir betre og betre, hurra! Nyt ferien vidare, plutseleg er me samla att heime! Gler oss til å sjå dykk att! God tur vidare, begge to! :)