Profile
Blog
Photos
Videos
Hallois :)
No er me i Colonia, Uruguay. Det er ein liten plass som me egentleg sjekka ut på timen.. Dei siste tre dagane har me nytta tiden til ein av favoritthobbiane våre- cafe til cafe dagen gjennom :) malin var litt uheldig med 17.mai burgaren sin, og Camilla fekk ein skuffande raudvin men ellers har cafeane holdt heilt grei standard :-P Camilla ergrar seg over teite spansktalende som vert sinte når me spør om dei snakkar engelsk. Djeez. Las papas fritas(pommes frites) i Uruguay er litt vassne, noko som er svært heldig for dei stakkars spurvane. Malin ofrar gjerne eit par for fuglane, mens Camilla held vakt så ikkje servitørane ser ho :D (eingongstilfelle!)
Kom til Uruguay mandag etter nesten ei veke i Buenos Aires, Argentina! Forrige torsdag besøkte me gravplassen der Evita er gravlagt, traska rundt på marked og gjekk på cafe i Palermo. Om kvelden var me på 3-rettars middag og tangoshow med Brad og Scott frå Australia. Dei reiste viare til iguazu fredagen.. Ellers var me på antikvitetsmatked søndagen. Me gjekk rundt i la Boca og kom etterkvart til stadion til Boca jrs. Boca møtte River Plate, og Camilla var lenge meint gå på kampen.. Når me høyrde ropa då me nerma oss og såg alle folka kjende Camilla det kribla i kroppen. Ho ville helst slå ned eit par vakter å komma seg inn. 1.omgang såg me på ein cafe attmed stadion. Bocas vann :)
Me budde på eit random hostel i Micro Centro, med ein heilt fantastisk matvarebutikk rett over gata. Ei 2 år gammal jente "jobba" der om så kl va 9 om morgonen eller 10 om kvelden. Utvalget var ikkje det store å skryta av, men Camilla klarde likevel kjøpa seg ein muggost. Namm
- comments