Profile
Blog
Photos
Videos
Hei!!:-)
No har me vore ei natt på Milhouse hostel i Buenos Aires, Argentina. Er ikkje alt for imponert over hostellet, så har allerede funne ny plass for kommande natt. Begge er alt for godt vande etter nesten ein mnd på hotell, og Malin sa opptil tre gongar i går kor mykje ho hata hostel. Flyet frå Lima gjekk greitt. Me delte taxi med Hannah og vår favoritt, Sam! Innsjekkingen tok forever, men Sam hadde heldigvis sjekka inn online så me slapp stå med ho:-)
Det var merkeleg å "ta farvel" me gruppa vår. Allereie fredag vart 16 til 12, og det vart litt tomt. Jungelturen i Puerto Maldonado var likevel kjekk, og me fiska piraja (uten hell for oss), såg slange, oter, ulike fuglar, ein krokodille og masse småkryp. Siste natta hadde me uventa besøk, noko som absolutt ikkje var stas, og me ropte på Scott og Brad som kom som nokre reddende englar kl3! Var godt å komma seg langt vekk frå jungelen til eit hotellrom med dører, ikkje gardiner, 4 veggar, ikkje 3, tak, glas, nøkkel. Ja.
Siste gruppemiddag i Lima vart på Mango restaurant, og Malin fekk som vanleg maten sin til sist. :-P (det er heilt normalt)
Peru var kjempe bra, og me har gjort så mykje at me nesten ikkje hugsar alt! Cusco
- comments