Profile
Blog
Photos
Videos
Long time, no see!!
No er me komne til Peru, og er godt i gang med vår siste gruppetur. Me reiser med gap, og av 16 er det berre 2 andre norske på gruppa! Kom til Lima tysdagen, møtte gjengen onsdagen. Kjempe kjekke folk, og ei som trur ho veit/har gjort alt. Trudde ho var 35år, men det viste seg ho var 24. Stakkars. Køyrde 5 timar frå Lima til Paracas torsdag. Hotellet var ganske enkelt, og lukta hund!! Gjekk ut for å eta om kvelden, og Camilla køyrde på med å bestille krabbe. Når servitøren kom med den kvapp ho til. Når skalet skulle knekkast vart det enno meir liv rundt bordet; først for eine foten ein eller annan plass(fann den aldri att) så for både skal og mat på Pippa, ei britisk dame på gruppa. Camilla ville helst gjera seg usynleg, men det var for seint. Når ho på toppen av det heile vakna opp med hovent ansikt og utslett frå panna til halsen var konklusjonen grei: aldri meir krabbe! Malin åt fisk og var nøgd med det!
Fredagen var me oppe 6, klar for båttur ut til nokre øyer. Der såg me pingviner, sjøløve og masse ulike typar fuglar. Kjempe fint:) Ein mann prøvde lura oss med å ta 100soles, men ein kjekk brite hjalp til så me fekk att pengane våre. Etterpå pakka me sakene ut av hundehuset og reiste til eit bryggeri der dei lagar pisco. Pisco er nasjonaldrikken til Peruianarane, og finnes i ulike typar. Fekk smaka. Var litt ymse, men Camilla handla seg ei flaske sprit ho kan ha med seg på vegen til Macchu Picchu.
Me køyrer mot Nazca, stoppar ved ein oase i Ica. Der får me prøva sandboarding! Det var knall. Skulle ynskja me brukte meir tid på det!
I dag har me flydd over Nazca-linjene. Dei var litt mindre enn forventa, men likevel var det kjempestilig!! Flyturen var av ny oppleving, og når det nerma seg slutten var Camilla litt svimmel..
Me hadde aldri komme oss til Peru hadde det ikkje vore for nokre herlege sogningar som overraska Camilla i New York! Tusen takk til Hilde, Edith og Inger-Lise som kjøpte seg ekstra koffertar for å dra med seg våre ting heim! Det var ikkje reint lite som hadde hopa seg opp. Siste dagen i San Francisco kjøpte Camilla seg Mac, og to dagar seinare gjorde Malin det same i New York! Det var så vidt me slapp unna med å betala overvekt frå SF til NY. Alt frå pokersett til koppar til kle. Alle bamsane Camilla hadde samla på fekk plass i Linda si seng i Elizabeth Street:) (hugs og pass godt på supermann!)
New York var heilt fantastisk! 5 dagar vart alt for lite, så prioriteringen vart å ta livet med ro mot å stressa med å sjå alt av turistattraksjonar. Times Square fekk me sjå. Me shoppa på 5th avenue. Camilla var i Central Park med familien sin. Me hadde ein konge morsom tur over brooklyn bridge utstyrt som friheitsgudinna ilag med Hilde og Edith! Møtte uventa på Linda, Bodil og Kjell-Erik på midten. Priceless:D Me såg friheitsgudinna frå brua og, så alt vart heilt perfekt!
Camilla fekk spandert på seg litt ekstra luksus, 2 netter på hotellet med familien, Hilde, Edith og Inger-Lise ;) tusen takk!
Var kjekt å treffa alle att! Goe elimor kom med nytt visakort, brunost og melkesjokolade! Dei goe jentene i Elizabeth Street varta opp med det dei kunne.
Ingrid og Camilla hadde ein utruleg bra opplevelse i ein minibank, der pengane "fløy gjennom luften". Haha!!
New York was amazing
- comments