Profile
Blog
Photos
Videos
Heisann :)
No er me i Cusco, for andre gang, ein heilt fantastisk plass! Me kom att fraa ein 4 dagars fjelltur i gaar :) Mandag reiste me til Piscacucho der me starta paa inkastien til Machupicchu. Det var ein kjempe opplevelse, og me var utruleg heldige med veret! Sol heile vegen. Foerste dagen var "easy peasy" saa guiden Nancy sa ca 100 gonger. Me hadde med oss to guidar, to kokkar og ein gjeng med "porters" som bar alle sakene vaare. Naar me kom fram til lunsjplassen eller til campen var alt tillaga og klart. Telta slegne opp med dufflebaggane vaare inni ! Me maatte berre bera ein liten sekk med kamera og drikke sjoelve. Luksus.
Dag 2 gjekk me fraa campen som laag paa ca 3000moh, til "Dead Woman Pass" 4215moh, og nedatt til ny camp paa ca 3600 moh. Det var hardt, og mesteparten av vegen var trappetrinn. Me er sjoelvsagt i superform, og var foerst av jentene paa gruppa til toppen :D Naar me kom opp tok Camilla seg ein velfortjent shot av Piscoflaska ho har drege paa sidan bryggeriet i Ica.
Andre natta vart den kaldaste. BRRRRR. Sjoelv med 2 bukser, ullsokkar, 3 lag gensarar, hue og vottar var det kaldt. Godt at porterane var klare med te kl halv 6 om morgonen! Marco, kokken, hadde laga pannekaker til frukost, og den kalde natta vart fort gloymt. Maten me fekk undervegs kan ikkje klagast paa. Fisk, kylling, ris, potestappe, pommes frites, salat, groensaker, sausar, popcorn, kakao, m.m.
Dag 3 starta med aa gaa oppatt til nesten 4000moh. Hard start paa dagen, men fraa der var det berre nydleg flott. Saag paa ulike inkaruinar undervegs, og medan me gjekk forandra vegetasjonen seg masse. Me merka me kom nermare jungelen. Lunsjen var utruleg bra, buffet! Stien fraa lunsjplassen til campen var BRATT og lang. Naar me nerma oss campen traff me paa ein hjort :) Naar me endleg kom fram til siste camp - med dusj(!!) - var det godt med ei velfortjent cusqueña fraa baren! Me fann ut me skulle drikka te foer me dusja, noko so enda opp i 40 min koe og ein kald dusj for Camilla. Malin fekk heitt vatn, men lite trykk.
Dag 4 var wake-up call kl 03.30! Me hadde ca 2 tima med gaaing foer me kom til Machupicchu. Ved sungaten var det allereie mykje folk, og skodda dekka det me var komne for aa sjaa. Camilla nytta anledningen medan me venta til aa sjekka ut snackpacken for dagen- som samanlikna med dei andre dagane var super skuffandes!! 2 broedskiver med verdens eklaste ost (som dei forresten brukar til alt her i Peru). Skodda letta, og Malin tok nokre fantastiske bilder med blant anna Hannah (linseluset som allti dukkar opp paa bileta vaare) som midpunkt :D me jekk ned til Machupicchu der me traff Neil, guiden vaar (som ikkje var med paa inka trailen). Kosleg!
Etter litt fotografering, ein guida tur, litt meir fotografering og t-skjorteshopping reiste me ned til togstasjonen og venta.. Me tok tog i 1,5 time, og Malin fekk endeleg ta eit velfortjent bit av den norske melkesjokoladen og Camilla ein piscoshot. Turen var over :D
Naar me kom til Cusco att reiste me ut til middag med heile gruppa. I dag reiser Pippa, Graham, Trevor og Tom heim, saa det vart ein slags "takk for no" middag, og Trevor slo paa stortromma og betalte for alle! Me tok turen til ein irsk pub etterpaa :) Kjekt!
Foer Cusco var me i Arequipa, Colca Canyon og Puno. Me har vore paa fulgekiking (Condors), og Camilla var med paa mountain bike cyckling :) Me har bada i varme kilder (39 grader)- det var godt! Ei natt budde me hjaa ein lokal familie, det var spennande. Om kvelden vart me dressa opp i lokale drakter og reiste paa dans med "pappa" og to av "soestrene" vaare. Me besoekte Uros, flytande oeyer i Puno. Dagane gaar stort sett i eitt, og me faar vera med paa utruleg masse!! I morgon reiser me til Amazonas jungelen :) Det blir stas!! :D
Me er begge godt leie av Sam! Hjelpes. Det finnes ikkje ord til aa beskrive dama!
I dag trur eg me maa senda lit saker heim ettersom Camilla sin sekk vart fyllt godt opp etter ein tur til markedet forrige soendag. Ellers skal me berre nyta Cusco saa godt som me kan :) Anbefala alle ta turen hit, og aa gaa inkastien!!
:)
- comments
Hanne Hei :) Jeg har lyst til å dra til Peru i høst - men ble litt skeptisk etter å ha hørt så mye om ran og sånt. Følte dere at det var trygt å bevege seg rundt alene som to vestlige jenter? :-)