Profile
Blog
Photos
Videos
America Latina!
Me er fortsatt i live, og ja me kosar oss stort. Latin Amerika er veldig annleis og spennande, og me likar det. Dei 10 dagane me hadde i Costa Rica blei innholdsrike, paa godt og vondt. For det meste godt. Me reiste direkte til Stillehavssida og Jaco, fekk gratis skyss av ein 70aar gammal amerikaner. Flaks. Der var me i eit par dagar, og rakk baade surfing og canopying tour. Sistnevnte gaar ut paa aa henga i ei slags tarzanline og farta nedover jungelen. Artig (Lene), og litt skummelt (Tonje). Me var nokre hundre meter over bakken, ikkje noko for dei hoegdesvake. Tredje dagen vart me rastlause og reiste med "turistbaat" over til ein bitteliten hippieplass som heiter Montezuma (enkelte vil paastaa Montefuma). Turistbaaten viste seg aa vaera ein snedden liten motorbaat, heldigvis fekk me store plastposar til sekkane. I Montezuma viste det seg aa vaera mykje krabbar, og me fekk oppleve dette paa naert hold. Les: eit par krabbar innpaa rommet naar me skulle sova. Dei skadar ingen, men litt ubehagelig synes me det var. Montezuma var godt for ein ting, og det var waterfalls. Me fekk oss ein aldri saa liten utflukt/klatretur i jungelskauen der. Begge synes dette var artig. Fraa denne smaastaden reiste me vidare til La Fortuna der me skulle proeva aa faa sjaa litt lava fraa den aktive vulkanen Volcano Arenal. Var ikkje saa lett. Me bestillte oss tur med godt mot, endte opp med aa gaa gjennom ein gjoermete jungel for saa aa venta paa lava i 2 timar utan resultat. I tillegg maatte me gaa ned igjen i moerket. Ikkje noegde. Bullfighting dagen etterpaa var derimot ei interessant affeare. Dei drepte ikkje dyra forresten. Vidare gjekk turen til den karibiske sida. Dette vart for det meste ein nedtur. Naar bussen stoppa ved ein restaurant vart nemlig eine sekken til Tonje stelt. Dessutan regna det for mykje for vaar smak. Og i tillegg vart Tonje oppeten av insekt. Dei siste dagane i CR blei brukt i San Jose, der ein del tid vart brukt paa aa skaffa tilbake dei stelte papirbillettane vaare. Me fekk dei i tide, og me kom oss jammen til Lima 1.mai.
Vel framme i Lima fann me det for godt aa bestille oss ein smaadyr flybillett til Cusco. Me fann det ogsaa for godt aa sova paa flyplassen i staden for aa reisa inn til Lima sentrum. Var jo berre gode 18timar aa vente. Paa flyplassen florerte det med folk i munnbind. Svineinfluensaen hadde akkurat brutt ut. Flyturen til Cusco var interessant, viste seg at me maatte landa i ein slags dal. Og ja, det var ein del turbulens. Gjekk greitt. Me likte Cusco, flott by. Me endte opp med aa ta toget til Machu Picchu, i staden for aa spasera opp. Tonje er nemleg fortsatt skral i knedna. Me hadde heldigvis ikkje bestillt noko paa forhaand. Kjekt aa ve uorganiserte for ein gongs skyld. Machu var selfoelgelig vakkert, og svarte til forventningane og meir.
Fraa Cusco bar turen til Bolivia. Me ville sjaa Lake Titicaca. Meeeen, dei har bestemt seg for aa ha svaert faa minibankar i Bolivia. Overraskande nok hadde dei ikkje ein einaste ATM i Copacabana, og me kom oss ikkje te Isla del Sol som planlagt. Heldigvis hadde det seg slik at me hadde litt peruvianske sedlar med oss, for aa vaera eksakt 80nok. Me fekk veksla, og kom oss til La Paz. Byen er ikkje fin i estetisk forstand, men den er kul. Utsikten fraa miradoren El Alto er spesielt kul. Me budde ogsaa paa eit bra hostel her, og likte oss dermed saers godt. Etter 3 dagar tok me tog til Uyuni. Me reiste foersteklasse for ein gongs skyld(billige bolivia), og me hadde luksusgoder som varmeovn, filmar og mat paa toget. Byen Uyuni serverte kun som utpost for ein 3dagerstur gjennom saltoerkenen Salar de Uyuni. Turen var ogsaa billig; 600kr for jeep med sjaafoer, kokk og 3maaltid dagen, hostel og transfer til Chile. Accomodation var basic, nettene var kalde, maten var ogsaa kald, men turen var likevel fantastisk!
No er me nord i Chile, naerare sagt i verdens toerraste oerken San Pedro de Atacama. Om eit par dagar flyr me til Santiago, for aa ta buss til Mendoza i Argentina. Gleder oss:)
- comments