Profile
Blog
Photos
Videos
Hei dokke heime!
Ny oppdatering fraa nydelige Luang Prabang. Etter snart 4 daga her i hovudstaden i Laos, har vi konkludert med at dette er favorittplassen til no. Rolig, ekte og eksotisk. Dette fekk vi oppleve paa naert hold under lysfesten onsdags kveld. Denne festivalen er ein aarleg tradisjon, og tilfeldig - og heldigvis, skulle vi faa lov aa oppleve denne. I 7-tida om kvelden gjekk ein lang parade gjennom hovudgata med mange store fargerike papirbaatar dekka med tente lys. Byen var opplyst av lykter og lanterner, det vart spelt hoeg musikk, kinaputta og fyrverkeri blei avfyrt, himmelen var fylt av lykter folk hadde sendt opp og det var liv og roere i gata. Paraden enda nede ved Mekong-elva, kor vi, ilag med alle andre, fekk satt ut kvar vaar blomsterbaat med lys paa vatnet. Det var ei stemningsfylt og naerast magisk oppleving.
Neste morgen stod vi opp i 5-tida for aa ta del i ofringa til munkane. Eit ritual der dei lokale gjer mat til munkane i byen. Vi hadde faatt laane to skaaler av den hyggelige hotelleigeren som vi fylte med smaa kjekspakka som vi kunne gje. Etter noeye instruksar om korleis vi skulle kle og te oss, gjekk vi ut i gata og sat oss ved sida av tre lokale, og venta paa den vesle gruppa munka som skulle passere. Eldstemann foerst og den yngste til slutt, og heldigvis hadde vi nok til alle. Etter at munkane hadde faatt mat, stilte dei seg opp og sang. Det var ei veldig spesiell oppleving aa sitte der i halvmoerke og hoeyre denne sangen i ei ellers heilt stille gate. Seinare gjekk vi til hovudgata for aa sjaa, for der var det endaa fleire oransjekledde munkar.
Seinare samme dag gjekk vi opp paa Phu Si-fjellet for aa sjaa solnedgangen. Etter ei bratt stigning og mange trappetrinn kom vi opp til eit lite tempel. Her fekk vi nyte det vakre synet over heile byen, og vi fekk sjaa ein fin solnedgang ilag med mange andre turistar. Vi kom ned svette og klare for middag. Etter eit asiatisk maaltid vandra vi rundt paa eit nattmarked kor dei lokale hadde lagt fram diverse handverksvarer. Dette synest vi var veldig kjekt, og vi fekk proeve oss litt i prute-sporten, noko vi til no har vore veldig forsiktige med. Prutemetoden her gaar saann: "Kva kosta denne?" "60.000 KIP" "Kan vi faa discount?" "Ok, 50.000" "Ok!" Vi foeler ikkje at vi kan prute saa mykje her, for alt er allerede saa billig, og summane er mykje stoerre for dei enn for oss. Blandt kuppene vi gjorde her var kvar vaart haandbroderte skjoert. Dei er saa fiiine! (Nesten litt for fine til aa gaa med)
I dag gjekk turen til The Waterfalls, 35 km utanfor byen. Vi vart plukka opp av ein minivan (10 min for tidleg!!) som skulle frakte oss dertil. Vi er blitt vande med kor mange seter sjaafoeren kan trylle fram iloepet av opplukkingsturen, ein kunst det amerikanske paret framfor oss blei svaert overraska over. Naar vanen var saa full den kunne bli, tok vi fatt paa den omlag ein time lange koeyreturen. Vel framme venta ein sti innover jungelen, som leda til det eine fantastiske synet etter det andre. Eit stort fossefall leda vatn ned i krystallblaa kulpa som vi kunne bade i. Ein kvar krik og krok var saa fotografiverdig at vi til slutt maatte sette foten ned for aa ikkje fylle opp heile minnebrikka. Vi fekk oss ein herleg dukkert i ein av kulpane foer vi, metta paa fossefall, snudde og gjekk tilbake.
I morgon er dessverre Laos-oppholdet over, daa set vi oss paa fly til Hanoi, kor vi skal tilbringe tre netter. Vi haapa paa solfylte dagar i Vietnam, saa vi kan faa jobba litt meir paa brunfargen. (Hoeyrer rykter om at Ingvilds Onkel Svein etterlyser framgong i bruningsprosessen)
Ellers er alt bare velstand hos oss, haapa det staar like bra til heime!
-Linn og Ingvild, fossekallane -
- comments
Margrete Hei! Så fint det høres ut i Laos! Veldig fint med de flotte reiseskildringene, føler at vi er med på turen vi også! Kos dere!
Roald Hei jenter ! Spennande aa lese ka dokke har opplevd i Laos. Venter ny reiseskildring fra Hanoi. Vi sjekkar bloggen fleire ganger for dag.Ta godt vare paa hverandre ogsaa paa restern av turen. Her alt bare bra. Skal helse saa masse fra bestemora og.
Janne Laos høyres heilt fantastsik ut,- både å sjå til og folkelynne deira. Sikkert for di dei ikkje har vorte invadert av mange uoppdragne turistar. det er godt å høyre at dokke er med på å bygge opp eit betre inntrykk av turistane. Få turistar ville stått opp så tidleg for å ofre til munkane. God tur vidarre til Vietnam. Klem