Profile
Blog
Photos
Videos
Sabei dee! Hallo! Laos ligger for vaare fotter, og har tatt oss paa senga med sine kulturelle omgivelsar. Me satte oss paa bussen/ei tidmaskin, og blitt slengt 50 aar tilbake i tid. Welcome to Laos!
Me klarte endeleg aa lausriva oss fraa Chang Mai, og turen gjekk no opp til grensebyen Chang Khong. Denne byen var ganske fredleg og berre ein mellomstopp for alle som skulle vidare til Laos. Me kjopte ei pakke i Chang Mai som inkluderte overnatting paa denne mellomstoppen. Standeren paa rommet vaart tilsvarte akkurat prisen paa pakko. Rommet bestod av 4 skitne, isblaae veggar, ein (thailandsk) do i hjorna og to senger av sponplater. Me sov vertfall forbausande godt med tanke paa forholdene. Dagen etter tok me oss over Mekong elva og inn i Laos. Visumet blei ordna raskt, sjolv om me var ein stor saueflokk. Deretter tok me oss vidare til ein cafe for aa venta paa resten av reisekameratane vaare. Etter ein del skremselspropaganda, der me fekk hoire mykje negativt om slowboaten som me eigentleg skulle bruka 2 dagar paa, sette me oss i ein buss godtruande om at me var framme til kvelden. Sammen med oss hadde me eit norsk par(! fyrste norske me har hatt kontakt med paa heile turen) og ei gruppa paa 10 stk fraa Chile.
Turen med bussen var ein veldig spesiell opplevelse. Mektig natur som bestod av flotte fjell, frodig jungel og djupe dalar. Paa vegen kjorte me gjennom ein del landsbyar med lokale stammar. Dette var litt av eit syn! Bambushytter, matlaging paa baal, rismarker og barn som leika overalt. Det var akkurat som om me sat i stovo heime og saag paa ein dokumentar om levekaara paa landet i Laos, berre at her var realiteten rett utan for bussvindauga. Veldig mykje inntrykk, og sjolv bussturen var lang(15 timar) hadde me alltid nye inntrykk aa fordoya.
Daa det begynte aa dryppe i taket over setene til Lene, var det full evakuering, og Lene kom dumpande ned i seten attmed Hilde. Lite visste ho at Hilde hadde mykje rart i tankane. I stillheit sat dei begge aa studerte omgivelsane. Etter ei stund braut Hilde ut i latter: "Me kjopte alle stolputer!" noko me gjorde paa grenso fordi me trudde me trengte dei til slow boaten.. 5 min stillheit. "Lene?.. Visste at Laos ikkje har vunne nokre medalje i OL?.." Lene svarte stille: "ehh.. okey.." 5 min stillheit. "Lene? dei maa jo produsera sjukt mykje chips i thailand daa!" Eit dumt blikk paa Hilde, og 5 min seinare kom endaa eit gullkorn:" Detta ligna paa sunnmore, vil du ha yogurt?" Etter ein humpete tur hadde yogurten danna seg eit trykk, som resulterte i at daa Hilde opna den i retning Lene, kom det ein dusj yogurt. Fortvila Lene lengta tilbake til sine eigen setar, og 2 min seinare sat Hilde og naut yogurten sin aleina.
Bussturen var i og for seg grei, men BUSSEN i seg sjolv... tja.. kva skal me sei? Daa morket fall paa vart bussen belyst av diskolys/julelys som blinka vilt i takt med altfor hog thai musikk. Var ein smule vanskeleg aa slappa av med dette eplepsi-framkallande udyret. Me kom oss vertfall heilskinna fram klokko 2 om natta, der me blei moett av ein lite forstaaelsefull tuk tuk sjofor, som provde aa blakka oss for peng. Me var ei gruppa paa nesten 20 stk, saa me forventa rabatt, men dette var forgjeves. Me hadde ikkje mykje val der me stod i odemarka og lengta etter ei varm seng. Tuk-tuk'en staila paa ekta thai-vis daa me suste nedover gata til nermaste guesthouse. Heldigvis sat me i same tuk tuk som 5 jenter fraa chile som hadde saumfart lonely planet, og funne ein rimleg plass aa bu. Me hekta oss paa dei og tok inn i guesthousen attmed. Var var ektremt heldige i forhold til resten av gruppa som tusla gatelangs til klokko 4, og ingen ville opna for dei.
Etter go natts sovn, stod me opp og bestemte oss for aa reisa paa oppdagelseferd i dette nye landet som me var fasinert av. Med kamera i vesko og alt for mykje kle paa oss gjekk me opp til eit tempel, der me saag fekk god utsikt over byen. Etter "par"/5000 trappetrinn kom me skjelvande ned att, og tok oss inn paa ein lokal kafe. Sjokket var storre enn storst daa me fekk servert FRANSKE baguettar inntil nuddelsuppa vaar. FANTASTISK! Etter ikkje aa ha ete brod paa nesten 2 maandar var dette ein himmelsk opplevelse og sette tenna i eit gyllent, crispy pice of bread! haaaaaaaleluja haleluja... haaaa.. jess, you got the picture..
Nokre timar paa ein fransk stil aktig kafe, og nokre rundar paa nattmarkedet fann me ut at me skulle joina chile folkene. Me reiste ut paa ein bar, og fekk so vidt note nokre ol, for me blei kasta ut av uteplassen(dei stenge alt klokko halv tolv her) og turen bar til bowling hallen. Her slo me eit par slag bowling, og Lene brifa med bowlingskillsen sin, og havna paa delt 1 plass med jose. Hilde delte sisteplassen med George(uttaler horche) Morsom, sosial kveld der me motte alle fraa slowboat gruppa vaar, og me hadde ein kjempe kjekk kveld!
Dagen i dag gaar med til bestilling av tur vidare, cafe, soling og avslapping. I morgo tar me turen til Vang Viene der me haapar aa reisa tubing nedover elva! Me gler oss:D Laos so far, so gydd;)
- comments