Profile
Blog
Photos
Videos
Den 31. mars set me (Hilde og Roar) nasen mot varmare strøk. Når me ankjem Sydney (Australia) skal me ganske kjapt ta eit femdagars kurs i surfing. Kurset inneheld mat og drikke, transport, overnatting og alt av nødvendig surfeutstyr. Kurset stoppar i Brisbane, der me har leig oss ein CAMPER VAN. 22 herlege dagar i vår eige rullande hus bringar oss til Cairns, forhåpentleg vis med fleire interessante stopp.
Eit av hødgepunkta på turen er øyparadiset Fiji. Her har me bestilt ein 7 dagars tur som inneheld besøk på 4 øyer der transport, overnatting og nåko føde er innlemma i prisen. Flygemaskina bringar oss så til LA, der me får eit par dagar til å kika på korleis desse høglytte amerikanarane har det.
Heldigvis reiser me rimeleg raskt vidare til Cancun (Mexico). Frå Cancun til San Jose (Costa Rica) skal me finne oss overnattingar og transportmiddel sjølve. Dette kan etter det me ha høyrt by på visse problemar, då denne delen av verdenen i hovedsak berre snakkar spansk. Forhåpentleg vis har me til den tid lært oss eit par gloser, og kanskje også litt vanleg spansk, slik av me glir inn i miljøet uten å sjå ut som spørreteikn heile tida. Me har ikkje sett oss ut så mykje stopp på denne etappen av reisa endå, men me reknar med at me skal få sjå litt på korleis maya´ane har det, besøkt ein vulkan eller to og kanskje prøve zipline i regnskogen (mest truleg berre Hilde).
Når me ankjem Lima (Peru) er planen å ta ein rundtur for å prøva sandboarding i ørkenen, køyra sandbuggy (også i ørkenen), besøka Titicacasjøen og sist men ikkje minst gå mil på mil til Machu Picchu. For å få endå eit minne på turen avsluttar me i Brasil. Me landar i Sao Paulo og skal sjølve finne måtar å flytta legema på fram til Rio de Janeiro.
Kom gjerne med tips til turen vår, reiseruta med datoar finn du på hovedsida vår. Must see/must do ting og tang tek me imot med åpne armar.
- comments
Bente kjos-Wenjum So spennande dette høyrest ut! Litt misunneleg kjenner eg. God tur begge to!
ketil vi skal følge me dere på turen. kos dikka, men vær forsikige