Lindesnes, Norway
No var dagen komt. Me skulle ta fatt på dei siste kilometrane på eventyret vårt. Me sykla roleg ut mot Lindesnes. Det var litt tåkete til å begjynne med, men etterkvert so forsvann tåka og me skulle få ein lika fin avslutning av turen som me hadde i starten. Sol frå skyfri himmel.
Kan vel ikkje sei anna enn at klumpen i halsen var stor etter kvart som me nærma oss fyret. So var me endeleg framme. Litt vemodigt og, plutseleg so var sykkelturen over...