Profile
Blog
Photos
Videos
Dei to første dagane i sør-thailand starta med hetesjokk og chartersjokk. Vi hadde en dag til overs i Phuket som vi tilbrakte på den næraste stranda vi kom til - Patong Beach. Her var majoriteten til ei stor forandring skandinaviarar, nærare bestemt stort sett ekkelt solbrune austlendingar. Prakteksempelet låg på solsenga ved sidan av - Ei kakebrun middelaldrande Austfolding med platinableika hår i flette, navlepiercing og ungdommelig bikini. Sjølv om staden ikkje hadde særleg sjarm varsol og strand nok for oss denne dagen.
Tilbake i Phuket city drog vi for å sjå etter butikkar vi kunne kjøpe litt nye klede, ettersom bl.a. Ingvill var svært lei av t-skjortene sine som har vorte misfarga i vask sidan første veka på turen.Ein turistby som dette måtte jo ha godsakene. Vi gjekk og gjekk, og jammen såg vi endeleg eit skilt til "Phuket shopping senter" og vart henrykte. I raskare tempo gjekk vi inn gjennom ein port med same namn. Vifinkjemma den første butikken nokså raskt sidan den var litt for spesiell i klessmaken. "La oss gå videre, vi må få tid til de beste butikkene"… MEN KA I..? et parkeringshus? Hvor er egentlig den inngangen hen? …Kor e eigentli' ditta senteret hen dokke, det e' jo ingen store bygninga' her…! Oj,oj,oj Nei , dere, det ER faktisk garantert ikke flere butikker her enn disse tre…! Vi konstaterte då at vi ikkje ville tilbringe meir tid i Phuket, og bestilte tur til Phi Phi dagen etter.
Dagsturen til Phi Phi (10.feb) var litt av en go' dag. Vi starta den med å sitje heilt framme i baugen på ein stor båt på vår one-way ticket til Koh Phi Phi, og hadde panoramasyn over øyene før vi gjekk i land. Vatnet var verkeleg så krystrallklart som på postkorta og sanden like kvit, og til å vere ei verdskjent øy var det overraskande lite folk på Phi Phi øya. Her slappa vi av i skuggen av palmane, og såg oss litt rundt før vi tok ettermiddagsbåten til Krabi (som gjekk direkte frå Phi phi).
I Krabi Town skulle vi samme kvelden møte venninnene til Ida, Trine og Mari. Ida hadde fått kontakt og hadde funne hostellet deires på Google-maps og memorert det, så ho trengte berre gatenummeretog eit kart på vegen. Ingvill og Ingrid var svært så trofaste mot Ida sin retningssans, når dei fortsatt var villige til å gå 40 min etter vi såg at gatenummera gjekk i feil retning. Det viste seg uheldig at hostellet deira berre låg 100 meter frå vårt eige hostell……….. google maps altså. ;) Eit lykkeleg møte vart det i alle fall til slutt, og vi drog alle 5 i lag til Railay Beach dagen etter; den hittil finaste stranda vi har sett.
13. januar tok vi hurtigbåt ut til rolege Ko Lanta for 4 dagars avslapning som opplading til våre planlagde 4 dagar på fullmånefestøya Ko Phagnan. Denne tanken tok vi heilt ut. Vi sov i høg-standards Bungalow med aircondition, tok massage og låg paddeflate på stranda til sola gjekk ned.
På kvelden hang vi på dei hippieinspirerte restaurantane. Den svært behagelege reaggemusikken og lanternene skapte verkeleg stemningsfull atmosfære. Verre var det med alle svenskane som song "ja må hon leva" eller plystra Emil-sangen på kvart eit hjørne, men vi klarte å leve med det sidan det faktisk var svært lite menneske på øya generelt.På valentinsdagen var det spesielt koseleg, då fekk vi roser på bordet, boybandmusikk, hjerte-fireballoons, og ildshow . Sjølv om restauranten var fylt til randen med nyforelska par følte vi at visklei rett inn i mengda som eit trippelpar, så avhengig som vi har vorte av kvarandre.Ida savna Steinar litt, men alle var likeveleinige om at dette var en av dei beste valentinesdagane nokonsinne.
Den mest aktive dagen på Ko Lanta var då vi leigde mopedar for å køyre til dei finare strendene på øya. Vi rekna med at Ida måtte sitte bakpå fordi ho ikkje har lappen, men så feil kan ein ta - her er berre passet nødvendig for å leige moped. Sidan vi hadde høyrt det var ganske strake vegar og såg det var lite trafikk, var det ut på vegen for Ida for første gang. Den største utfordringa for Ingvill og Ingrid var venstrekøyringa, og der hadde kanskje Ida størst fordel… Bortsett frå litt usikkerheit i kryssa gjekk det som smurt; vi fann ei kjempefin, brei strand med krystallklart vatn og køyrte etter det nokre timar rundt til det vart mørkt. Ein super dag! Verre var det at vi fann ut nokre dagar etterpå at det faktisk var strengt forbode å køyre utan førarkort, så Ida hadde nok fått ei saftig bot.
Etter 4 herlege dagar på Ko Lanta gjekk turen vidare til austkysten. Vi var litt redde for at vi ikkje skulle rekke bussen frå Krabi, då vi venta i nesten 2 timar på pick-up bilen som skulle ta oss til ferja frå Ko Lanta. Når han endeleg kom, køyrte han i tillegg forvirra rundt og skulle finne eit eller anna, i tillegg til å røyke nervøst og snakka i 2 telefonar mens han styrte bilen med albogane. Så når det var gått 3 timar sidan vi stod klare, var vi ganske sikre på at vi ikkje kom oss til austkysten denne dagen; vi var nemleg fortsatt berre 50 m frå Ko Lanta på ei ferje i sneglefart..Det viste seg nok en gang at alt var under kontroll; ferjene vi tok gjekk til fastlandet og bilen køyrte oss heilt inn til Krabi, der vi kom fram eit kvarter før bussen gjekk til Koh Phagnan.
- comments
mammaen til Ida Puh.......at alt gikk bra med Ida og mopeden !!!!!!!! Og veldig godt å høyre frå dåkke igjen. Ellers høyrest alt deileg ut .... Lurer på kordan det gjekk med dykkinga.
Mammaen til ingvill Flotte strandbilder.men har dere fått dykkerlappen?
Mormor For et festlig innlegg. Hvordan skal dere klare å komme tilbake til hverdagslivet? Her måker vi sne på harde livet!