Profile
Blog
Photos
Videos
Etter en herlig 8 timers flytur der vi kosa oss verre med maten og filmane landa vi i Australia! Rart å verkeleg vere på andre sida av jordkloden frå Norge.Likevel følte vi oss faktisk nærmare heime enn vi gjorde i Asia. Særleg fordi vi ikkje såg forskjell på turistar og innfødde, bilane stoppa for fotgjengarar og til sist, men slett ikkje minst; grovbrødet i butikkane. Prisane var også som heime, noko som gjorde at vi måtte legge av oss vanen med å ete på restaurant 3 gongar dagleg. Men vi var faktisk så overlykkelege over å kunne kjøpe inn og lage middag sjølv at vi måtte krangle om arbeidsoppgåvene!
Første kvelden i Brisbane tok vi ei øl til livemusikk på hostellet. Sidan vi høyrte at vi budde i smørauget av backpackerområdet, gjekk vi vidare for å sjekke stemninga på barane. Der var det ikkje mykje liv i leiren, og den einaste plassen vi kunne tenke oss inn stoppa dresscoden oss endå ein gong til tross for at vi hadde pynta oss så fint vi kunne. Slippersar var nemleg ikkje akseptert etter kl 20! Skuffa gjekk vi tilbake til hostellet og drukna sorga i sjokolade og chips. Då vart vi fort glade igjen.
Dagen etter drog vi med buss til "Lone Pine Koala Sanctuary" rett utanfor Brisbane. Der gjekk det opp for oss at vi var i Australia når vi fekk klappe kenguruar, halde koalabjørnar, sjå wombats, dingoar, flaggermus og alle slags papegøyar. Vi fekk også sjå på sauegjetar-show med nokre svært imponerande border-collie som hadde full kontroll på dei dumme sauane. Koalabjørnane fasinerte oss aller mest, snakk om late dyr! Dei søv, kvilar og et i over 90 % av døgnet i alle slags rare posisjonar. Så lite røra dei seg at det ikkje eingong var nødvendig å bure dei inne! Det verka som dei kosa seg skikkeleg, faktisk så levde dei ca dobbelt så lenge i parken enn i det fri.
Etter to dagar i Brisbane tok vi turen til Surfers Paradise som vi hadde høyrt var sentrum av Gold coast. Ryktet gjekk om ok strand, men svært bra uteliv - vi vil heller sei det var omvendt. Stranda var den breiaste og lengste vi har sett, med svært lite folk. Når det gjaldt utelivet var gjennomsnittsalderen ca 19 år, og på barane var bartenderane kledd i truser, korsett og nettingstrømper - usmakeleg! På toppen av kransekaka fekk vi ein 100-dollars bot for å drikke på offentleg stad… vi gløymte eit lite sekund at vi var ute av Asia rett og slett - Pinlig!
Sjølv om været hadde sett sine betre dagar, gjekk vi med friskt mot til stranda når sola titta fram. Vi var dei einaste som låg der, ikkje så rart sidan det blåste sandstorm som grava ned sarongane og fylte auge, øyrer og nase med sand. Vi fann ut at vi måtte slutte å vere så desperate etter strandliv, og tok derfor turen til "dreamworld" for å leike. Dagen i fornøyelsesparken hadde en nokså hard start med dei tre største attraksjonane på rad, noko som gjorde Ida så kvalm at ho måtte ha en time-out. Ho kom likevel sterkt tilbake då ho fekk rysta innvollane på plass i verdens største "Big drop" (i 1998).
Etter å ha brukt uforholdsmessig mykje tid i Surfers, drog vi tilbake til Brisbane for å hente det 75$ depositumet vi hadde forlagt. Etter ei veke i Australia var vi altså tilbake der vi starta og begynte å få dårleg tid…! Vi kom oss opp til Noosa på Sunshine Coast, der vi hadde tre kjempefine soldagar på stranda. Dette også inkludert Ingrid sin bursdag som vi feira med ein betre pastamiddag etterfølgt av kinofilmen "black swan". Filmen fascinerte oss så sterkt at den blei samtaleemne dei neste dagane.
Vi prøvde oss også på surfing sidan hostellet hadde gratis utleige. Sjølv om vi ikkje akkurat såg ut som deltakarane i surfekonkurransen som pågjekk, kava og koste vi oss stort. Elles hang vi på det koselege hostellet vårt og vart kjent med andre backpackarar. Vi testa også ut den einaste nattklubben i byen som spelte Aqua og anna 90-tals musikk på høgt volum. Rihanna var absolutt no-no på denne klubben.
- comments
Morfar Ja, ja, lett å glemme at australierne kan synes litt pripne, til tross for at de første hvite innbyggerne var løslatt4e forbrytere fra engelske fengsler! Selv ble jeg verbalt angrepet av en australier på en strand da jeg skiftet til badebukse etter "Huk-metoden", dvs bare i skjul av et håndkle. Det ble litt ampert, og mannen ble ikke noe blidere da jeg påpekte at han nedstammet fra tyver og mordere! Det løste seg heldigvis uten håndgripeligheter. (Dette hendte for 58 år siden).
Trine Kom til å tenke på at jeg aldri har kommentert bloggen deres, men jeg følger med! :) Høres ut som dere har en fantastisk tur. Nyt de siste ukene! Selv om jeg nok for alle kan si, at vi gleder oss til å få dere hjem igjen. Og Black Swan...total mindf*** dagen derpå. Anbefales å se alle andre dager! :)
Pappa til Ida Etter veldig unt moro så skal det no bli godt å få deg heimat. .Kos dåke dei siste dagane og god tur heim . Klem