Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjen ivrige blogglesarar!:)
No har me hatt sju daga guida tur nordaust i Vietnam. Dette er eit område som ikkje e blitt oppdaga av turistane endo, noko me fekk me erfara når me blei sitt på som romvesen fra ein anna planet. De stryke oss på huden, fnisar og snakka te oss og trur me forstår. De e uansett veldig søte, så me smilar og seier "hallo":) Landskapet er grønt, høge fjell og dalar. Det er mange forskjellige stammar med ulike språk og bakgrunn, uten at me ska ta for oss heile historiedelen:) Turen starta me at me blei plukka opp av ein vietnamastisk guide og ein sjøfør som likte svert godt å drikka øl under turen:) Null trafikkreglar i dette landet, så kjøringo var eit kapiytel fo seg sjøl. Første dag såv me ved Ba be lake hos innfødde ei natt, alle var ganske overraska over levestilen som var mange år tilbake i tid i forhold til oss nordmenn. De vaska kler i elva og geita kyr. Dag nr 2 var me i Ba be lake og såg grotte, kjørte deretter til Cao Bang som er en by langt nord i Vietnam. Dag nr 3 kjørte me tre tima for å komme oss til fossefallet som ligg på grensa il kina og heiter Ban Gioc Waterfall. Dette er det største fossefallet i Vietnam, og mest sannsynlig det finaste og:) Dag nr 4 bar det tilbake til Hanoi, der me bestillte oss fleire skreddersydde kjolar til ein billig penge:) Dag nr 5 blei me plukka opp av ein anna turistbuss, denne gangen hadde me ikkje bussen for oss sjølve, og satt plassert som sild i tønner i midtgangen. Me ankom Halong bay i pøsregn, dette førte sjølvsagt til ein del timar venting før me vart frakta ut i bukta på ei flott sjøroverskute som kunne likne den sorte dame. Veret klarna opp og alle vart svært nøgde. Stemninga var sjøroveraktig med skodde over bukta og flott geologi, for spesiellt interesserte (Marit). På natta var det karaokesynging til den store gullmealjen og vart avslutta med rødvin på taket under stjernehimmel. Eit øyeblikk å hugse.
Ved skrivande stund sit me på eit hotell på Cat Ba, ei øy kor skuta førte oss. Her skal me vere den siste veka for å slappe av og samle motivasjon for å komme heim. Dette passte sjukepasientane Anette og Cecily svert godt. No skal me sjekke inn på eit fem stjerners hotell inærleiken noko me ser fram til . Alle helsar masse!
Koz og klemz
- comments