Profile
Blog
Photos
Videos
Tjohopp!
No er me i Ao-Nang, Thailand. Skal reisa 14timar med buss til Bankok klokka 1500. Det vert stas! (JIPPI)
Har vore tre netter i Khao Sok-jungelen, det var spennande. Me budde i ei hytte ved ei elv, og det var berre busker, skog og smaakryp rundt oss. Me kom dit tysdag ettermiddag med buss fraa Phuket. Onsdagen brukte me heile dagen paa baattur. Sol, bading, flott natur. Me gjekk ein tur gjennom jungelen med ein crazy guide som kasta stein inn i skogen aa lata som om det var ville dyr. Me kom fram til nokre hytter, og derfra koyrde me bambusbaat til andre sida og gjekk inn i ei grotte! Ganske kult. Hadde med oss ein mann med batteri pa ryggen! Malin fekk forresten ei firfisle i haaret, det var eit morosamt moment! Ho sette seg ikkje rett under bjelken meir!
Torsdagen var me foerst paa kanotur pa elva. Berre oss og ein Thai-mann. Det var jungelens hoegdepunkt. Me fekk sjaa mange smaakryp og froskar paa nert hald. Giftige biller og store edderkoppar (Camilla var ikkje like begeistra for sistnemde..). Me saag ogsaa ein stor slange oppi eit tre, den var ikkje giftig. Me stoppa ein plass der det var eit tau fraa eit tre, og me slengde oss i elva nett som Tarzan sjoelv. Me padla forbi store stimar med fargefulle fisk! Etter padleturen reiste me tilbake til hytta for lunsj, foer me var klar for elefantridning klokka 2. Det var kjekt, men litt for mange turistar paa ein gang gjorde det heile litt for lite naturleg for oss naturelskarar! HEHE. Om kvelden slappa me av med Chang og Singha oel og kortspel.
Fredagen gjekk me ein 6 km lang tur til ein foss i nasjonalparken. Der bada me. Det var ikkje saa mykje vatn i fossefallen paa grunn av at det er dry season, men ein fin tur likevel. Moette paa ein flokk med apekattar, og saag andre kule ting. Naar me kom tilbake var me slitne. Me gjorde oss klare til avreise, fekk lunsj, ogsaa koyrde dei oss til bussplassen der me tok bussen tilbake til Phuket.
Fraa Phuket ville me viare til Krabi, og kjopeta oss derfor ein billett med ein gang og bussen skulle gaa 45 min seinare. Bussen kom aldri, og til slutt maatte Camilla spoerja. Dama i skranken vart heilt fortvila for bussen hadde jo gaatt for 5 min sidan, og lurde paa om det gjekk an aa vera saa dum! Me greidde likevel snika oss inn paa ein annan buss med same billetten, og i hal12 tida om kvelden var me i Krabi. Me fann oss ein plass for 40kr (per) om natta. I gaar reiste me til Aonang, tok baaten til Raylai. Der hadde me heile dagen paa stranda. Me reiste tilbake til Aonang om ettermiddagen og Malin bestemte seg for aa ta seg ein bodyscrub+massasje. Ho vart litt i dus daa dama masserte ho fraa topp til taa, framme og bak, og det vart mykje flining etterpaa. Camilla slappa av. Ho slit litt med aa finna tilbake til normalen etter at Indiabakteriane angreip ho. Ein tur paa apokteket i gar ettermiddag resulterte i alt fraa antibiotika til magen til antibiotika for oyra! 4 ulike medisinar. Dette kan berre gaa vegen!
Eller gledar me oss til aa komma fram til Bankok. Allereie onsdag reiser me til Kambosja!
Malin&Camilla :)
B-)
- comments
Inger-Lise sir heilt herle ut:) bra di ha da bra:) gler meg t neste innlegg og skype;)