Profile
Blog
Photos
Videos
Etter noken dager Sihanoukville var vi ferdig med den plassen og tok bussen tilbake til Phnom Penh for å ta ei natt der og bussen vidare til Siem Reap. Etter 6,5 timer kom vi fram og tok tuk tuk inn til byen. Vi fekk høre at ikkje alle hostellane hadde strøm men etter å ha sett alle blinkande neon skilta fant vi ut at det var nok ein god løgn, men vi fekk eit ok hostel :)
Vi gjekk på jakt etter ein tuk tuk sjåfør som kunne ta oss med til Angkor Wat dagen etter. Etter oppholdet i Phnom Penh har vi blitt litt meir kresen på tuk tuk sjåfører. Dårlig engelsk og frekke folk e det plenty av, men vi fant oss ein hyggelig type.
Dagen etter stod vi opp for å møte tuktuk sjåføren kl 05.00. Vi skulle nemmelig sjå soloppgangen i Angkor Wat. Det var ein del skyer så soloppgangen vart ikkje det store men det var ein spesiell opplevelse å stå der og høre alle fugler og dyr våkne til liv! Vi tok eit ein dagers pass og fikk "the small route" av tuktuk sjåføren som kjørte. Me valgte å kjøre omvendt rute av det normale då vi hadde snakka med folk som anbefalte oss det for å unngå bussane med japanesere og russere.
Angkor wat var bygd for å representere hinduismen på jorda. Området består av mange templer og kver av dei er bygd til ære for ein eller fleire konger. Det er eit nydelig området som ligger omringa av skog og rikt dyreliv med fugler og apekatter. Filmen Tomb Raider er foreksempel spilt inn i eit av templa. Etter ein lang dag i Angkor var vi enig om at 1 dag holdt for oss.
Me bestemte oss for å ta ein ekstra dag i Siem Reap slik at vi fekk tid til barnehjem. Vi tok inn på det norsk driven hotellet Soria Moria. Store deler av pengene hotellet tjener går til støtte til skuler og barnehjem i Kambodsja. Eit kjempe fint hotel med veldig hyggelig betjening. Me fekk anbefalt eit barnehjem av betjeningen så vi fekk tak i ein tuktuk og reiste på marked for å kjøpe ris og litt diverse. Det viste seg at dette var ein skule og ikkje barnehjem, men dei satt stor pris på tingene me hadde med til dei. Det virka som dei hadde eit veldig bra opplegg som skulle hjelpe barna til å få ei utdanning. Det er faktisk berre 13 % som fullfører barneskulen i Kambodsja. Barna tjener veldig bra på å selge ting på gaten så dei ser ikkje nytten av skulegang. Etter litt informasjon om korleis dei dreiv skulen reiste vi tilbake til hotellet. Om kvelden gjekk me på 1 dollars tapasbord på hotellet der inntekten gjekk til folk som skulle få prøve seg i arbeid. Me tok oss ein tur på nattmarkedet om kvelden og kjøpte litt små suvenirer. Neste stopp blir Bangkok:)
- comments