Profile
Blog
Photos
Videos
Beach life!
For tida er det strandliv paa thailandske oeyer som gjeld for oss, og me likar det:) Etter mykje farting paa reisen til no, har det vore deilig med ein liten ferie i ferien. Me kom oss heilskinna fraa Bangkok til Phuket med ein VIP buss, som heldigvis hadde glimrande underhaldning paa vegen; amerikansk action film dubba paa thai. Turen gjekk over all forventning. I Phuket enda me av ein eller annan merkeleg grunn opp med aa bu fyrste natta i Phuket town, og me bestemte oss fort dagen etter for aa forflytta oss til stranda. Her moette me selfoelgelig den beroemte overflowen av kvite menn med unge thai kvinner. Herleg! Dette vart Henrik sitt fyrste moete med Thailand, han er heldigvis paa besoek i 2 veker saann at me har tid til aa sjaa litt av kvart:-)
Me hadde nok ein slitsom tur med buss, venting, meir buss, venting og saa baat. Det vart nokon timar med reising, men til slutt kom me oss fram til Koh Pangan. Oeya var stappfull av festlystne folk fraa alle verdshjoerner, og det var ikkje berre og berre aa finna seg ein plass aa bu! Me fekk heldigvis reservert oss ein fin bungalow paa forhaand:-) Fullmaanefesten levde opp til forventningane, ein interessant oppleving for aa sei det mildt. Lene var uheldig aa fekk fraastelt lommeboka si paa festen, og naar me var paa politistasjonen etterpaa stjal nokon skoene til Tonje i tillegg(!) (Du maa ta av deg skoene foer du gaar inn..berre saann at det er sagt)
Etter 4 netter paa partyoeya gjekk turen til Koh Tao, som er mest kjent for aa vera eit dykkerparadis. Me hadde store problem med aa finne oss ein plass aa bu her, daa det viste seg at mange maaaaange folk reiser her etter fullmaanefesten. Etter aa ha leita i eit par timar fann me heldigvis ein ledig bungalow paa stranda. Me hadde egentleg tenkt aa ta dykkerlappen her, men fann ut at me ikkje hadde tid til det no (kanskje me gjer det i australia i staden). Saa det blei med snorkling for denne gongen, fint det og!
No skal me forlata vakre Koh Tao, som for tida er overfylt med i hovedsak svenskar. Turen gaar til Phi Phi, kjent som paradis :)
- comments