Profile
Blog
Photos
Videos
Hallo bloggen, lenge sida sist!
Me har nå lagt bak oss 5824 km i bil, fra Cairns til Melbourn. Kjøringa har gått knirkefritt, om ikkje heilt feilfritt. Venstreside kjøringa har nå blitt ein vane, men det hende fortsatt at vindusviskerane komme på istaden for blinklys, og det er fortsatt like morsomt :)
Australia starta med 16 timar på flyplassen i Darwin, den er nå glømt og tilbakelagt. Etter landingen i Cairns fortsette turen med dykking på det store og velkjente great barrier reef. Nydelig opplevelse, der me hadde sikt på 10- 15m. Me hadde våre første dykk uten guide, og måtte stole på eigen orienteringsevne. Dette gjorde dykkene ekstra spennende. Etter dykkene var me annige etter å komma i gang med kjøringa sørover.
I Airliebeach heiv me oss uti havkajak i håp om å sjå masse hval og delfinar. Men den gang ei. Det som møtte oss var masse bølger (som for meg var enorme, og for Magnus bitte små). Me padla ut til nokre nydelige strender, som me hadde heilt for oss sjølv. Paradis.
Kjøringa brakte oss videre til Harvey Bay, og Fraser Island. Øya blei besøkt med ein svær maskin av ein buss, og ein guide med munndiare. Smarte skulle ein bli... Øyas historie og dyreliv er noko for seg sjølv, og verdt å oppleva. Turen blei avslutta med et bad i den krystallklare Lake McKenzie.
Ned til Brisbane var me innom mange fine strender. Etter ein lang dag med grasiøs vindusshopping, enda me opp med overnatting på ein parkeringsplass i Brisbanes suburbs. Videre suste me gjennom Gold Cost, og fant roen i nydelige Byron Bay. Der blei det surfe-opplæring med cool katz. Og jaggu greide me å stå! Konklusjonen er at surfing er kult, men kaldt, kave og vått. Snø under fjøla er å foretrekka.
Etter 5 dagar i Byron Bay har det gått slag i slag med kjøringa sørover. Me har lekt hippiar i Nimbin, byassar i Sydney, fjellfolk i Blue Mountains og vika unda for asiaterar på Great Ocean Road.
Eg har for min del trossa trapper på sykkel ned blue Mountains, svelgt unda bølger på surfebrett, og heldigvis ikkje sett tegn til hai!!! Men sett delfinar fra ferriga på frasier og hval fra Byron Bay.
I skrivende stund er vår campervan tilbakelevert med ein smule vedmod, men med ein heil del iver etter seng og 4 vegger istede for 4 dører. Me er ankommen Melbourne! Siste stopp i Australia...
- comments
Linda Kjekk måren lesning!
Linda :)fo et eventyr !:)
Gro Anette høres fantastisk ut :)
Mamma Alt dokke får lagra av gode opplevelsar saman