Profile
Blog
Photos
Videos
Kia Ora Bloggen!
Så var 3 travle veker i New Zealand forbi. Overnatta på 15 ulike plasser, og vore innom X-antall plasser, og ikkje minst stoppa for å ta bilde av X-antall "waterfals" og lookouts.
Me har reist med ein type hop on, hop off-buss, såkalla Stray. Turen starta i Auckland der me hadde et par slappe dagar, så me fant ut me måtte gjer et sprell. Magnus hadde et ønske om å hoppa fra New Zealands høgaste bygning, skytower. Då eg fekk hørra at det var som å rappellera, bestemte eg meg for at det ville eg og prøva. Lett - tenkte eg før me opp i tårnet, men då eg kom på kanten ville verken hendene sleppa eller beina gå utføre, så det endte med at eg gjorde det baklengs... Då eg landa var det nesten som eg krabba av landingsmatta, med et stort smil om munnen. For Magnus såg det ut som det var lett som bare det.
25/10 kjørte me fra Auckland, eller Sherlock Holms, kjørte fra Auckland til surfe-paradiset Ragland. Her leide me et par sykklar og sykla til stranda. Kaldt var det, så me var glad me ikkje surfa. På kvelden hadde me ein felles BBQ, med resten av Stray-gjengen.
26/10 Kjørte me videre med et stopp ved Waitomo Caves, der me var på grotte-vandring, og såg GLOW WORMS. Turen blir kalla tumoTumo Blackwater rafting, men raftingen me fekk var å bli dratt i tåg, mens me satt i baderingar i mørket og såg på glow worms. Ikkje heilt det me hadde tenkt oss, men koselig og kaldt var det. Videre kjørte me mot et kultur-stopp i Mourea. Me valgte å hoppa av bussen sammen med 3 andre, blandt dei to norske jenter, Marie og Anne. Me heika inn til Rotorua, og hadde ein chill kveld med god mat og drikka. Alternativet var å dansa og opptre, og sova i ein hall.
27/10 Så var det på tide med litt meir fart, og skikkelig rafting. Me rafta litt av kaituna river, og ned ein foss på 7 meter. På kjøpet fekk me et realt bihule-skyll :) Etter raftingen gjekk bussen videre til Lake Aniwhenua. Her fekk me servert det besta måltidet eg har smakt, tradisjonell hangi, kjøtt og grønnsaker lagtidsrøykt øve ei varm stein-hule i bakken.
28/10 Restene fra gårsdagen middag kjørte me til ein barneskole, slik at barna fekk ein god lunsj. Då me var der viste barna fram ein kulturell dans, og me fortalte litt om landet me komme fra. Så for ferden videre til Whakahoro aka Blue Duck station. Her jobbe de blandt anna for å redda blue ducks som er ein uttryddningstrua art. Me var så heldige å såg ei på joggetur øve "lokalheiå". På denna stoppen Overnatta me 2 netter. Til middag siste kvelden blei det servert gjeit, som er et problem for dei som jobbe for konserveringa. Smakte godt.
30/10 Denna dagen skulle me egentlig gått ein av verdens finaste dagsturar, Tongariro Alpine Crossing, men været satte dessverre ein stoppar for det. Dagen blei heller ganske rolig.
31/10 Hallo Wellington, og Halloween. I hovedstaden blei Halloween feira, og den som stakk av med førstepremien for beste kostyme var Sofie :)
1/11 Så var tida på nordøya forbi, og me tok ferriga øve til sørøya, og Abel Tasman nasjonalpark.
2/11 Var det nasjonalparktur og seiling som stod på programmet. Været var nydelig, og me fekk ein fantastisk tur der me såg sel, pingvinar og masse fugleliv.
3/11 Avgang fra Abel Tasman og snuten blei vendt lenger sør, mot Punaikaki. Punaikaki er kjent for sine pannekake-steinar og blow-holes. Ganske så stiligt :)
4/11 Fra Punaikaki fortsatte turen til Greymouth, der me stoppa nåken timar, før me fortsatte til Franz Josef. Der overnatta me i 2 netter.
5/11 "Fallskjermhopping sa du?!, nei det skal aldri eg gjer!!" Men joda, denna dagen hoppa Sofie Hebnes Hårajuvet ut av et pittelite fly, 16000 ft øve bakken, med ein mann og fallskjerm på ryggen. Skydive øve fox glacier ligge på topp 10 listå til fallskjermhopp, og nydelig var det :D
Seinare på dagen gjekk me ein fin tur opp til isbreen, sammen med Marie, Anne og ei eg hoppa med. Denna damå turnerte verden som poledance instruktør, og kjente ei venninna av Anne. Verden er slåande liten av og til...
6/11 Fra Franz Josef kjørte me ned til vakre Wanaka. For ein nydelig plass! Her kunne eg virkelig tenkt meg å bli litt igjen, men neste dag måtte me videre til Queenstown.
7/11 ankom me Queenstown. Detta blei plassen der me skiltes fra Anne, Marie og Gerd Jan. Dei har me reist sammen med heile veiene ned. Men først hadde me nåken kjekke dagar i adrenalinrushets hovedstad.
11/11 avgang fra Queenstown, og ny bussjåfør, Lego. I dag var planen å gå ein fin tur ved foten av Mt Cook, men været stoppa oss her også med skodd og snø. Så då blei det ein inne dag ved peisen. Sov på dorm med ei finna som snorka, så nattå var ikkje den besta.
12/11 Fra Mt Cook kjørte me til Rangitata, der det såg ut som sola ville smila til oss, så me heiv på oss joggeklær og satte fart. Då me hadde komt til endes av stien kom det ei vond haggelbøya, etterfulgt av masse regn.. Så blei det peis resten av kvelden. Lego lagte god lasagne med div attåt :)
13/11 siste dagen med Stray, og siste stopp i New Zealand. Me har nå komt oss til Christchurch. Christchurch blei ramma av et stort jordasjelv 22 feb 2011, og byen er svært prega av detta. Hadde ingen forventningar til byen, men det viste seg å vær ein ganske interresant by, med små perler innimellom all konstruksjonsarbeidet.
Sånn generelt har kveldane enten blitt tilbrakt på byn, rundt et bål/vedovn eller et bord med kortspill. Denna måten å reisa på kan anbefales til folk som har stramt tidsskjema eller til dei som savne stemningen fra klassetur, med ein internasjonal tvist.
Takk for turen Stray, Anne, Marie og Gerd Jan!
15/11 flyr me til Hawaii :D
- comments