Profile
Blog
Photos
Videos
Etter å ha tatt fly frå Cairns til Brisbane tok me derifrå bussen vidare til Byron Bay. Det var allerede blitt kveld då me kom fram, og det første som slo oss då me gjekk av bussen var at her var det kaldt! Det var tydelig at vinteren hadde tatt nåken skritt nærmare frå sist me var her, til tross for at det berre var litt over 3 veker sidan.
Framme på hostellet var me begge stuptrøtte, og måtte kjempa hardt for å halda augena åpne i timane fram til leggetid.
Byron Bay har i likhet med Airlie Beach berre ei hovudgata, og denne gjekk med opp og ned, og traska litt på stranda mens det var fint vær. Etter å ha vore i Australia i ein månads tid fant me ut at me kunne ikkje reisa herifrå uten å ha prøvd oss på den berømte goonen alle maste sånn om. Med goonen i boks tenkte me å prøva oss på utelivet i Byron som visstnok skulle vera sylbra hadde me hørt. Dette var iallfall ikkje tilfelle på ein mandag kveld, og me var omtrent dei einaste som var ute. Goonen var heller ikkje nåke å skryta av og me rusla skuffa tilbake til hostellet den kvelden.
Heldigvis hadde me nåke spennande i vente neste dag, nemlig første episode av Game of Thrones sesong 4. Det gjorde oss derfor ingenting at regnet pøste ned ute, og etter ein liten tur på butikken for å handla snacks var me klar for å ta turen til Westeros.
Ein annan viktig ting som må nevnast denne frå dagen er at me no har komt halvveis på reisa! Trekkfregnene til BigM er for lengst på plass, og DunderNinas hår blir lysare for kvar dag som går. Me feira med å eta oss altfor mette til lunsj.
I nærheten av Byron Bay finn ein Australias austligaste punkt og eit kvitt fyrtårn. Det er ein svært fin gåtur, og visst ein er heldig kan ein få sjå delifinar på veien. Så heldige var dessverre ikkje me, men me var derimot heldige med været og brukte resten av ettermiddagen til å kosa oss i sola på ein plass med mykje god stemning og såpebobler!
Då kvelden kom var det dessverre på tide å sei farvel til Byron og hoppa på nattbussen til Sydney. Der var det ikkje så mykje nytt å sjå sidan sist, den einaste forskjellen var at det hadde blitt kaldare, og BigM måtte gå til innkjøp av ei hua. På hostellet budde me på rom med ei mystisk lita dama som påstod at Noreg var hennas favorittdestinasjon. Ho var rett og slett så mystisk at det heile vart eit lite påskemysterium, som me dessverre aldri klarte å løysa før ho ein dag forsvann på merkelig vis.
Ein av kveldane gjekk me på musikal og såg løvenes konge, til DunderNinas store begeistring. Me fekk også tatt oss ein tur på teknisk museum med ein ganske stilig "game masters" utstilling der ein kunne spela mange av dei kjente og kjære tv-video-dataspela som har blitt laga opp igjennom.
Ellers har me kost oss med mange tekoppar, irritert vettet av nåken asiata frå kafeen i første etasje, sett The Hunger Games litt for mange gongar då det virka som det var den einaste filmen dei spelte på "kinoen" på hostellet.
No er Australiaeventyret vårt over for denne gong, og me ser fram til denn 40+ timars lange reisa til Peru... Sjåast der!
-BigM&DunderNina
- comments