Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ei heil natt på buss fra Hervey Bay, ankom vi Airlie Beach. Herfra mønstra vi på seglebåten Freight Train i lag med 16 andre fortumla backpackera og eit mannskap på 3. I to dager og to netter skulle skulle havet, Whitsundays og "The Great Barrier Reef National Marine Park" vere tumleplassen vår.
Den første dagen segla vi ut til ei av øyane og la oss til der for natta. Stemninga var god, goonen var god og under stjernene inntok vi god mat.( Dinna gongen med litt lys, så ikkje bekmørkt som på Fraser Island). Her vart vi kjent med dei engelske jentene Kim, Sarah og Maddy. Tidlig på morningen etter vart vi frakta over til øya og gjekk over toppen og ned på andre sida der vi kom til Bettys' beach. Fra toppen såg vi rett over til Whitehaven som er den mest kjente stranda i området. Sanden bestod av så godt som bare silikamineraler og var kvit som kritt. Her bada vi i sjøen anført lekre wetsuits for å ikkje bli angrepet av jellyfish.
På ettermiddagen etter å ha forflytta oss til ei anna strand kom vår største utfordring på turen; DYKKING! Ingelin syns ditta var mykje meir skummelt enn skydiving, noko eg ikkje klare å fatte sia eg syns det e skummelt å få føtene meir enn 1m opp fra stovegolvet. Fast bestemt på å gjere det og med to av dei engelske jentene ved våre sider, tok vi det store steget ut i dypet på heile 8,5m. Eg hadde litt startvansker, men var fast bestemt på å gjennomføre (boblene var litt ekle) og det gjor vi begge to. På slutten av dykket begynte det å føles meir komfortabelt med å puste under vatn. Utrulig tyst, men komfortabel (vi oppdaga då at det går ann å bevege på haudet mens vi e der nede hehe...).
Mens dei andre gruppene fekk tatt sine dykk, snorkla vi rundt revet. Var litt lettare å få med seg kva vi såg då, sia vi slapp å tenke på pusten. Klovnefisken var den fisken vi kjente lettast igjen(NEMO), men sjøen var fyllt av alle slags farger og fasonger. Enda en fisk vi gjorde beskjentskap med var den mystiske "NØnøNØnøNØnøNØnø- BATFISH!"-en, som var på pletten straks vi kasta en bit brød fra båten. Skilpadder og delfiner såg vi og i løpet av turen.
Sol, Hav og segling! kunne vi hatt det bedre?? NEIneiNEi. Ingelin bestemte der og då at når hon blir stor skal hon flytte inn i en seglbåt. Postgirobyggets sang Idyll passa bare perfekt til heile stemninga, dessverre hadde Ingelin den ikkje på iPoden, så då tok vi i bruk sangstemmene i stedenfor.
Tilbake i Airlie Beach inntok vi en deilig lunsj i lag med engelsk-jentene før vi måtte gå kvar til vårt, sia dei skulle vidare allerede samme dag. Tilbake på hostellet etter å ha sendt en stor pakke med ting og tang tilbake til Norge, opplevde vi en stor eksplosjon! Den fann sted på badet vårt. Ingelin skulle bare klemme ut litt bodylotion og ha på seg før vi gjekk ut for å spise middag, noko som førte til at heile badet, meg og Ingelin vart dekt med bodylotion.
Dagen etter vi var komt tilbake, fekk ikkje dei som skulle ut å segle då fare på grunn av dårlig veir. Dessuten var det ein syklon i Cairns som var på vei mot oss. Så dagen etter stakk vi via Townsville med fly tilbake til Sydney.
- comments