Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman. Dette med blogging er ikkje lett for Guro, men ho prover igjen. Kan no fortelja om mine fyrste dagar paa andre sida av verda.
Dag 1: Ankom Seattle og fann ut at eg skulle dele hotelrom med ei kosleg engelsk jente. Ho var litt ung, men me kom godt overeins. Seinare paa kvelden motte eg 5 til av ei eg skulle reise med og me gjekk ut og aat middag saman. Det var ein veldig kosleg gjeng.
Dag 2: Alle som skulle vere med paa turen mottes i resepsjonen paa hotellet kl 7 maandags morgon. No var det enda 3 til som var komen og me var no 10 tilsaman. Mykje aa ordne med for turen kunne starte, papir som maatte underskrivast og bil som maatte pakkast. Me kom oss vel avgarde i 10 tiden. Denne dagen vart det mest bilkjoyring og ein del stopp baade for aa ete, tisse og andre ting. Me ankom Whistler ut paa kvelden. Det var eit veldig fint hostel og me fann oss godt til rette.
Dag 3. Alle skulle vere med paa Zipplining paa morgonen. Me fekk prove fem ulike loyper. Me byrja med ei lita og so vart det storre og storre. Paa den siste fekk me ei utfordring om aa staa paa hovudet gjennom lufta. Nesten alle gjorde det. Eg gjorde det:). Seinare paa dagen skulle nokon paa helikoptertur og sjaa paa breen og nokon hadde skulle paa bungee jumping. Eg laante meg ein sykkel og hadde litt Guro-tid for meg sjolv. Sykla rundt ein park og slappa av ved eit vatn. Paa kvelden laga me felles middag og spelte spel. Mitt lag vann....juhu..... Eg klarte slovsagt aa mista noklane til skapet mitt og maatte faa ei tang og bryta det opp...hehe....tufflete jenta.
Dag 4; Me reiste vidare til Horn Lake paa Vancouver Island. Turen byrja med ein ferjetur paa 1 1/2 time. Supert vaer saa det var utruleg fint. Etter ferja var det ca 2 timars kjoyretur til Horn Lake. Der satte me opp telta vaare. Kim vart min teltpartnar( det vart ho resten av turen ogsaa. Super jente). Guro er til vanleg ikkje noko habil teltoppsettar, men det gjekk leikande lett og Kim var tolmodig med meg. Felles middag paa kvelden som eg og Craig laga saman. Eg gjekk tideleg til sengs denne kvelden. Litt skummelt aa ligga der fyrste natt pga at det mest sannsynleg luska baade bjorn, racoons og cuger rundt oss, men ingen kom naer oss heldigvis. Me hadde nokre raadyr som kom ganske naert ved toalettet vaart.
Dag 5: Dagen starta kaldt med frukost ute kl 7.30, men me fekk fort varmen i oss. Denne dagen skulle me paa caving. Inn i holer og sjaa paa kalkkrystallar. Me maatte utstyra oss med hjelm og lykt. Me var inne i tre ulike huler, der det vart baade krabbing, kryping og totalt morke. Det var spennade, men litt tungt for rygg og laar. Ein av vaare vener vart sittande fast i ein sprekk og maatte ha hjelp ut igjen. Ganske morosamt, men skummelt for han det gjaldt. Me hadde supert vaer denne dagen ogsaa, saa nokre av oss bestemte at me ville i kano og kajak. Kim og eg tok ein kano, J og David tok kvar sin kajak, og stakkar Roly vart aleine i ein kano. Me paddla ut til ei lita oy ute i vatnet og laag ei stund aa sola oss der. David erobra oya med Skottland-handkledet sitt....hehe.... Tilbake var det eg og David i kano, Kim og Roly i kajak og J aleine i ein kano. Eg og Daivd hadde oss ei lita oppdagingsferd, medan resten rodde rett heim. Etter dette trengte me eit bad, men me kunne ikkje bade i vatnet pga swimmers kloe. I staden gjekk me ein 15 min til ei elv og bada. Det var godt og kaldt. Felles middag paa kvelden. Den var so som so, men me vart mette. Nokon hadde ikkje steikt alle polsene godt nok.....KIM.... Til sengs ganske tideleg i denne kvelden ogsaa.
Dag 6: Lang kjoyretur igjen til Tofino. Me aat lunsj underveg og stoppa nokre plassar for aa ta nokre korte gaaturar. Me var framkomne i 4 tida. Ein del av oss ville ta ein gaatur ved stranda, medan nokon ville berre dusje og vaske klede. Middagen denne kvelden var god. Kylling curry. Paa kvelden satt me alle rundt baalet aa kosa oss. Mykje latter og mange rare engelske frasar fraa Cookie, meg. Det er ikkje alltid saa lett aa tenke engelsk 24 timar i dognet naar ein er norsk....hehe....Slapping of.....
Dag 7: Denne dagen var det kajak-tur som stod fyrst paa programet. Eg og Kim var sjolvsagt partnarar:). Ho maatte halda ut med meg stakkar, men eg lova ho at eg skulle vera flinkare aa ta min del av paddlinga denne gongen. Eg skulle ikkje late meg slik eg hadde gjort paa kanoturen. Me fekk ein veldig kosleg instuktor og hennar sure sjef som hjelparar paa turen. Det var staalande sol denne dagen, slik so dei andre dagane, og det vart ein heilt fantastisk tur der me saag baade sjooter, orn og ein gamal historisk landsby. Kim var fornogd med paddlinga mi, medan ein nokre av dei andre ikkje var saa fornogd med sin partnar....hehe.... Etter eit par timar paa vatnet reiste me inn igjen for lunsj og for aa slappe av litt. Seinare paa dagen hadde eg og Hilary time hjaa surfeinstruktor. Me dressa oss opp i fine vaatdrakter og etter ein noko undreleg biltur, der eg maatte sitta paa eit laust sete og Hilary hadde ein moped nesten i fanget, kom me fram til stranda der me skulle surfe. Nokre av dei andre ville laane seg brett ogsaa, men dei trengte ikkje instruktor meinte dei. Surfinga gjekk so som so, men det var sikkeleg moro. Eg klarte da aa staa to gonger med hjelp og to gonger utan hjelp. Men det skal seiast at at eg sikkert hadde 100 forsok...hehe....Tolmodigheita var ikkje alltid paa topp, saa eg maa innromme at det kom nokre ord innemellom som ikkje passar seg for ei snill jente som meg:). Me fekk halde paa i sjoen i tre timar for me maatte dra heim paa campingplassen. Resten av ettermiddagen og kvelden gjekk med til dusjing, torking av kle, matlaging, oppvask og kos rundt baalet.
Dag 8: Dette var nok den mest minnerike dagen for min del. Me stod grytidleg opp fordi me maatte vera klar til bjornesjaaing kl 07.00. Da me kom nede paa kaien blei me dressa opp i store raude kjeladressar og luer. Det var meldt om straalande vaer og sola var allereie paa veg opp, so eg kunne ikkje sjonna kvifor me skulle ha paa oss desse dressane og luene. Men da me kom ut over sjoen med baaten sjonna eg det raskt. Med vinden i haaret var det iskaldt og me trengte virkeleg baade dressen og lua:). Der ute var me innom tre ulike stadar og saag tre ulike bjornar ete frukost. Me kom ganske naer dei med baaten og det saag ikkje ut til at dei ensa at me var der. Eg veit ikkje om dei var saa svoltne at det var det einaste dei tenkte paa eller om dei er saa vant med mennesker som kjem aa ser dei eter. Etter eitt par timar paa sjoen kjoyrte me inn til land igjen. Der venta Max paa oss og me aat ein liten lunsj, nokre av oss, medan andre tok seg ein velfortjent pust i bakken. Ein time seinare var det paa tide aa kome seg i baaten igjen for da skulle me ut aa sjaa om me kunne sjaa hvalar. Dei hadde sett hval kvar dag dei siste 4 maanadane saa det var stor sjangs. Guro Kvam klarte aa kapre seg ein plass frems i baaten og det skulle ho ikkje angre paa. Det var heilt utruleg med sola som skinte og baaten som hoppa framover paa bolgjene. Og hvalane dukka opp dei, to stk. Foraren vaar sa det var nok ei mor og ungen hennar. Det var saa toft aa sjaa dei leika seg i vatnet. Desse hvalane saag me da me var paa veg for aa bade i dei varme kildene som er paa ei oy utanfor Tofino, saa da hvalane ikkje lenger var interessert i aa vise seg for oss satte me kursen dit. Me var sett av paa kaia og hadde tre timar til raadigheit paa oya for me maatte vera i baaten igjen. Etter ein 20 min gaatur innover oya, kom me til dei varme kildene. Alle bada, til og med Vipps, Det var utruleg heit i desse kjeldene, saa det var ikkje alle som kom seg under med heile kroppen, men eg var unde med heile meg baade i det iskalde havet og i dei varme kjeldene. "Cookie er meir mann enn nokon av oss" sitat Max, turleiaren vaar. Han meinte det var fordi eg var ein norsk viking. Etter baade bading, soling og soving var det paa tide aa kome seg til baaten. Igjen klarte Guro aa kapre til seg ein plass frame i baaten. Turen heim til Tofino var heilt utruleg. Me saag endaa fleire hvalar og ein hoppa rett framfor baaten vaar, me saag sel, orn, sjolover, sjooter og berre folelese ein fekk av aa sitte det fremst i baaten med vinden i haaret og baaten hoppande framover, var ubeskriveleg. Alle var trotte etter denne dagen, men det hindra ikkje oss fra aa kose oss rundt baalet denne kvelden ogsaa. Nokre sovna tideleg medan fleire av oss satt oppe til langt paa natt.
Dag 9: Dagen etter var det ned igjen med telta og turen bar vidare til Victoria, ein veldig fin by paa Vancouver Island. Her var det baade mykje aa sjaa, mykje aa handla og mykje aa gjera. Gruppa vart delt opp i smaa grupper ettersom nokre av oss ville handla og nokre ville sjaa seg om. Eg og David bestemte oss for aa laane oss ein kajak for aa faa sett Victoria paa ein litt anna maate. Me hadde ein veldig fin tur og fekk sett mykje. Paa kvelden aat me ute for fyrste gong. Me bestemte oss for Fish and Chips. Det var godt det. Etter dette gjekk me alle paa ein pub og hadde oss ein orliten fest. Det var 90-talskveld paa puben og det passa oss veldig bra. Me kunne teksten paa nesten alle sangane. Det var stemning kan ein seie.
Dag 10: Turen neste dag gjekk vidare til sjolve Vancouver. Etter ein ferjetur og nokre timar i bilen var me framme. Hostelet me no skulle ligga paa gav oss ikkje noko godt fyrste inntrykk og det inntrykket vart ikkje betre etterkvart heller. Nedslitt, skittent, folksomt og daarleg sevice. Det var godt at me berre skulle bli der ei natt. Eg fekk klar beskjed fra mine vener aa ikkje velje dette hostelet naar eg kom tilbake. Ogsaa i Vancouver vart gruppa delt pga ulike ynskjer. Det enda opp med at eg, J og Kim laante oss rulleskoyter og Roly og David laante seg tandemsykkel. Saa tok me turen rundt Standly Park i Vancouver. Det var ein veldig fin park og turen var koseleg den, heilt til me oppdaga kor langt det var og me var usikre paa om me hadde tid. Kunne me snu??? Neida, me held fram sa alle dei fire andre. Eg var litt sur der ein periode og dei andre fekk seg ein latter av grumpy Cookie:). Men eg hadde ingenting aa bekyma meg for. Me hadde god tid og turen tilbake gjekk leikande lett. Paa vegen fekk eg endeleg sett nokon racoons som eg hadde ynskje om heile turen. Da vart det happy Cookie igjen:). Kl 18 hadde me bestilt oss sunset cruis med middag. Me hadde hatt straalande sol alle dagane, men denne dagen naar me skulle sjaa paa solnedgangen var det sjolsagt overskya. Men me gjekk ombord likevel, og fekk ein super tur rundt Vancover med veldig god mat, god musikk og litt luksus. Veldig god avsluting for den siste kvelden vaar i lag. Eg aat nesten til eg sprakk. Mange av oss gjekk tidleg til sengs denne kvelden.
Dag 11: Siste dag saman. Me kjoyrde tilbake til Seattle der turen starta. Dei fleste ville nyta siste dagen ved aa gaa i byen, medan eg skulle vere der fleire dagar, saa eg valde aa reise til hotellet mitt og prove aa orden meg overnattning framover. Eg sa hade til dei som skulle reise same dag og blei med Max tilbake. Her fekk eg ordna meg med overnattning og saa fekk eg slappe av. Var litt trist og lei sidan alt var slutt, men heldigvis skulle nokre av dei andre bli ein eller to dagar ogsaa. Dei som var igjen var ute og aat saman paa kveldden.
Dag 12: Motte nokre av dei andre i byen og me rusla rundt litt. Hadde sagt hade til Kim og Roly, som eg var blitt veldig godt kjent med, tidelegare paa morgonen, saa humoret var ikkje paa topp. Men det vat koseleg aa vera litt med dei andre som ikkje var reist. Eg og Mass gjorde litt turistting saman som aa gaa paa torget og besoke sace needle. Det var kjekt aa faa sett litt av byen. Me aat middag i lag og reiste tidleg heim til kvart vaart hotell.
Dag 13: No var det berre meg og Mass igjen. Medan han gjekk paa handling tok eg turen til biblioteket i byen for aa blogge, men igjen ville ikkje blogginga gjere seg for meg. Eg fekk berre lov aa nytta datamaskinene i 30 min viss eg var ein gjest. Jaja, eg sjekka litt mail og betalte ein rekning. Etterpaa traff eg Mass for litt middag og snakk. Eg gjekk tidleg til hostelet mitt.
Dag 14: Eg og Mass mottes kl 11 for frukost/lunsj og saa rusla me litt rundt. Han skulle reise kl 15, saa me tok det heilt med ro og berre kosa oss. Det var veldig trist da min sise ven fra turen reiste og eg hadde ein augneblink lyst aa heim, men det gjekk over naar eg berre fekk tenke litt og roe meg ned. Resten av dagen berre slappa eg av og kosa meg i mitt eige selskap.
Dag 15: Eg hadde avtalt aa mote min dove ven kl 11 ved Markedet. Eg stod det aa venta kl 11, men ingen ven kom. Eg bestemt meg for aa vente ein halv time eller saa gjekk eg. 25 min over 11 kom han og beklaga veldig. Han hadde ikkje funne plass aa parkere. Eg har veldig nervos for korleis denne dagen skulle bli. Han med sitt ASL og eg med mitt NTS, men det gjekk mykje betre enn eg hadde venta. Kommunikasjonen var ikkje noko problem. Med teikn, kropp og ordboka ( nokre faa gonger) forstod me kvarandre. Me var saman heile dagen og han viste meg byen fra ei litt annar side. Eg hadde ein super dag i lag med Percy og han gjorde ein i utgangspunktet litt trist dag til ein god dag for meg. Min fyrste dag heilt aleine i verda vart ikkje den vaerst....jippi..... Eg klarar meg.
No har eg ikkje meir for denne gongen. Med mitt hell og mine datakunskapar, saa veit eg ikkje naar eg faar blogga igjen, men eg skal prove saa godt eg kan. Folg med meg.
Klem til alle eg er glad i og som er glad i meg:)
Helsing fraa tante reisande Kvam
- comments
Elin So kjekt å lesa,Guro :) Seie da igjen;du e tøffe!! Kos deg vidare ! Gla i deg.Klem :)
Brynhild Fantastisk å høyre om alt du tek deg til! Du har stadig nye opplevingar og er ikkje redd for noko virka det som....eg hadde alder funne på alt det som du har funne på! Eg er imponert, og det virkar som du berre har det bra! Og da er eg glad for! Skulle gjerne hatt litt sol og varme, for her plaska da ned i bøtter og spann!!! Kos deg vidare og berre nyt livet. Sete ufatteleg stor pris på deg, Gur!!!!
Silje Anita åå no har eg kost meg med reiseblogging fra det store utland :) ...og drøymt meg vekk frå regn og kulde. so kjekt at du kosar deg og kjempe kjekt for oss her heime å få følga med på turen din og få vita at du har dt bra. stor klem til deg Guro mi.
maren Utrolig gøy å lese, Guro!! Du har opplevd så utrolig mye kjekt allerede, og du beskriver det så bra! Gleder meg veldig til å lese mer. Kjempeglad i deg!
Anja Renate Høyres ut so du kosa deg:)Det e bra!Bra møte med den døve gjekk bra, va spent på den. Take care:)Klem:)
Marianne So kjekt med oppdateringar, Guro! Ikkje lite du har fått med deg sidan du for, ser eg. Hald fram med oppdateringane og dei treng jo ikkje vera like lange kvar gong veit du :)! Er så kjekt å lesa om kva du driv med, for her er jo alt med det vanlege... Veldig, veldig kjekt å sjå at du kosar deg på turen. Me tenkjer på deg!
Mamma ja no fekk eg meg ei fin stund Guro.Det er flott å høyra at du kosar deg. Eg er byrja att på jobb,men er ikkje heilt god i ryggen enda.Gledar meg til neste reisebrev.Ein god latter forlenger livet,og i kveld har eg fått brukt lattermusklane. STOR KLEMMM.
Sara Heei ! Høyrest ut som du kosar deg! føles ut som du ha vert vekke kjeeeeeempe lenge .. gleda meg til å høyre alt sammen når du kjemme heim :) det går fint me meg både på skulen å me fotballen! Ta vare på deg sjøl gode storesøstra mi! Kjempe gla i deg <3
Leidulf Godt å endelig høyra fra deg,ser ut til att du oppfører deg fint og ikkje skjemmer oss ut. Kos deg vidare.
Isabel Hei! Høres ut som du har det fint og at du klarer deg helt fint alene. Good for you! Håper du har det bra nå. Stor klem
Ellen Sofie Hetta Fantstisk skrevet og utrolig kjekt å lese!!! God klems fra Eleln Sofie (og Gisle) som har kjøpt ny og større leilighet...midt mellom mamma og de og min søsters hus...altså ikke så langt å flytte alle tingene:) Så neste stavangertur, får du se en ultra ryddig og fin leilighet med masse plass:)