Profile
Blog
Photos
Videos
Etter Agra kom vi til Orchha. Her tok vi et dagtog på 4 timar, for å komme oss dit. Toget var overraskande bra i forhold til kva vi hadde sett for oss, der det til og med var god beinplass (noke Henriette har savna). Vi fekk først beskjed om at vi skulle sove i telt så vi blei litt skeptisk, sida vi begge er noken frostpistar. Men overaskelsen blei stor når vi fekk telt som såg ut som rom, med senger og bad. Pluss varmeannlegg, altså ikkje et så aller værst telt. Orchha er en liten by med kun 10000 innbyggarar, som er lite for å vere India. Vi syns Orchha var veldig fint i forhold til dei andre byane vi har vore i. Ikkje så mykje trafikk og en litt roligare atmosfære. Sjølv om her er mykje fattigdom her også. I orchhra var vi så heldige å komme heim til ei indisk dame og hennes familie for å lære å lage indisk mat. Dette var utrulig artig, og vi fikk på dinna måten virkelig oppleve korsen det er å leve i india. Forholda er veldig enkle og standaren er lav. Andre ting vi har opplevd her er å ha vært med i et tempel der vi fikk en hinduistisk velsignelse. Vi var og med å såg en sermoni som dei held kvar kveld. Veldig spennande og annerledes enn kva vi er vandt med.
Ellers gikk neste dag til å gå på sightseeing for å sjå enda fleire tempel, så vi er no godt metta kan ein sei. seinare på kvelden var det berre å gjer seg klar for nattog, og her var det15 timar som stod for tur, der neste stopp var Varanasi. Vi tenkte ikkje så mykje på dette, for ingenting kunne bli værre enn nattoget vi tok når vi var på interrail. Så natta gjekk egentlig ganske så fint, med unntak av nokre frekke indera, som dreiv å satt seg på fotenden av senga slik som det passa seg. Etter en laang togtur var vi endelig på plass i Varanasi, og et av høgdepunkta på turen, Ganges. Vi var første kvelden med på en sermoni ute på elva der vi la blomster i vatnet.. Neste dag sto vi tidlig opp for å sjå Ganges på morgningen. Vi såg fleire som vaska seg, drakk av vatnet (tiltross for et grusjete vatn), fiska og folk som kom for å be. På dinna måten fikk vi sjå kor hellig elva er. Samtidig fekk vi sjå ett av dei aller største krematoriume langs elva. Her brenn dei omtrent 200 mennesker kvar dag, og deretter tøm aska i vatnet. Før lika vart kremert vart dei først tatt med ned til elva for vaske dei, deretter la dei dei på en trehaug og satt fyr på dei. Veldig spesielt å sjå, men likevel veldig interessant!!
En ting vi har glemt å fortelle om, er alle tuk-tuk turane med boybandmusikk og diskolys som vi har tatt. Vi vart heil sjokka første gangen musikken vart satt på, for hadde aldti trudd det gjekk ann i dei skranglekassene. Utrulig artig!
Akkkurat no har vi nettopp komt til Chitwan nasjonal park. Vi kom frå en liten grenseby kalla Lumbini som vi sov i ei natt. Her ska visst nok vere plassen Buddah blei født. Turen inn til Nepal var ganske lang der vi satt i buss i 12 timar. Vi fekk beskjed om at det kom til å bli en "bumpy ride", og det var det! Ellers har vi det bra, og storkosa oss.
Gina og Henriette
- comments