Profile
Blog
Photos
Videos
Her kjem ei lita oppdatering frå dagane våre i Delhi.
Første dagen bar preg av kultursjokk og kuldesjokk. Her er en helt annan tilværelse enn heime i Norge. Byen ber preg av fattigdom, søppel og totalt kaos. På motorvegane er det både gåande, køyrande, barn som tigga og dyr. Temperaturen er heller ikkje noke skryte av ettersom det er vinter her no. Likevel er det kaldare inne enn ute, der søv med ull og fleece.
Andre dagen i Delhi møtte vi gruppa vår som vi skal reise vidare med gjennom India til Kathmandu. Gruppa består av tre andre norske jente, en frå korea, to frå australia, ei frå Russland og ei frå USA. Veldig kjekke alle sammen. Fekk sjå ei bedre side av Delhi idag, enn vi hadde sett før. Vi såg blant anna parlamente, presidenthuset og India gate. Når vi var med India gate ville alle ta bilder av oss, og med oss. Skulle tru dei aldri hadde sett kvite og blonde jente før. Etter litt sightseeng for vi vidare ut for å ete. Maten her er veldig god, men er veldig skeptisk i forhold til hygiene. Vertfall sida ho russiske i gruppa har tilbrakt heile dagen på do allerede etter første dag. Så her blir det flittig bruk av antibac og en shot jeger i ny og ne.
No ligg vi på hotellet og er pakka og klar for avreise til Jaipur i morga tidlig. Vi gler oss til å komme oss ut av Delhi.
Gina og Henriette.
- comments
Eli Alsaker Nes Godt og høyre fra dokke. God tur videre og pass godt på kvarandre. Klem fra tante Eli
Maria Pass på kvarandre og ta mykje bilde. Gleda meg til å høyre alt om turen!
Hanna Haha, dokke er jammen gode! Underholdande lesing :-D Blir nok bedre etter kvart skal dokke sjå ;-*
Ida Renate kos dere masse:D gleder meg til å følge dere:D
Lene Kos dere masse og pass på hverandre! Gleder meg til lesing videre her :-) God tur videre!