Profile
Blog
Photos
Videos
Halloen!
Etter nesten 3 veker fekk me endeleg tak i ein data der bloggen kunne oppdaterast. Me har reist gjennom Tanzania i to veker, siste veka har me slappa av paa Zanzibar.
Mandag 171 reiste me fraa Nairobi til Arusha. Det var ein lang koyretur paa humpete veg. Kjempe heitt i trucken vaar(som forresten heitte Caprice). Til lunsj stoppa me midt i bushen og tok fram nistepakkane. Me saag mykje dyr paa vegen, og dei andre folka i bussen lo naar me vart kjempe begeistra for sebraflokkane.. "You're gonna see lots of'em". Me var innom Arusha og tok ut 700000, og reiste til campen me skulle bu paa. Det var ein slangepark. Me gjekk inn i parken om kvelden, med lommelykt fordi lysa var slaatt av for dagen (Malin hadde litt rett om straumen), det var kjempe ekkelt.
"Her bur slangane Herr og Fru Pyton, dei ser jo pyton ut!"
Tysdag 181 reiste me til Karatu. paa vegen stoppa me i ein by, eit communityprosject, Mto Wu Mbu. !20 ulike afrikanske stammer budde der, og me fekk besoeka skule, helsesenter, bananfarm, ulike workshops, sjaa korleis familiar dyrkar ris og andre ting.Bananoel var ikkje godt.
Onsdag 191 - fredag 211 reiste me paa Safari til Serengeti! Kjempe bra! I smaa safarijeepar koyrde me rundt aa leitte etter dyr, me fekk sjaa mykje! Elefantar, leopard, gepard, loeve, flodhest, sjiraffar, sebra, antilope, nasahorn, boeffel, gnu, hyene, stork, struts, bavian, apekatt, fuglar pluss mykje mykje meir. Me campa ute me dyra, og hadde hyener, boeffel, antiloper og bavianar utafor telte om natta. Me fekk og ei mus i teltet! "The Girls are hopeless..."
Laurdag 221 reiste me til Moshi(Marangu). Paa vegen er me innom ein barneheim. Der spelar me litt fotball foer me reiser viare til campen vaar som ligg paa foten av Kilimanjaro.
Soendag 231 staar me opp hal7, og faar sjaa sola staar opp paa Kilimanjaro. Saa ser me paa eit village project; skular, workshops og datasenter. Me gaar og badar i eit fossefall med vatn fraa Kilimanjaro. Kjempe kult- heilt til me ser merklige dyr i vatnet. Malin:"Eg haddikkje ste uti dar so leinge hadde eg visst dei va dar!" Me koyrer viare til Lushoto i Usambarafjella. Siste timen sit me paa taket av trucken! Me gaar for to netter med uppgrade!!
Mandag 241 gaar me fjelltur til ein utkikksplass. Kjempe fint der. Me faar moeta paa mange folk, dei er veldig hyggelege. Me gaar til ein cheesefarm for lunsj, litt godt med noko anna mat enn ris og kjoet.. Me har ein nevneverdig koyretur tilbake til der me budde: stappa oss inn i ein bil, afrikansk musikk paa max volum. Om kvelden sat me i baren med koyagi og cola.
Tysdag 251 reiste me til Dar Es Salaam, campa paa ei strand: Kipepeo Beach. Turen til Dar var litt lang og det var kjempe heitt!
Onsdag 261 - 022: ZANZIBAR! Me har vore ei veke paa Zanzibar. 2 netter i nord, Nungwi og 4 i aust, Bwejuu og 2 i Stonetown. Zanzibar e nydle. Ha chilla max og drukke smoothies. Hengekoye paa krittkvit strand i palmesus.
Afrika e awesome.
Malin og Camilla:)
- comments
Ingrid Hehe, kan teinka meg at Malin likte å spela fotball;) Sakna dikka
Morten So kjekt ! Bra misunneleg på dikka. Ta masse bilde!