Profile
Blog
Photos
Videos
Tjohopp!!
Laurdag reiste me frå LA etter at stjernene skuffa oss med å vera fråverande. Ikkje vart me inviterte inn på kaffi hjå Courtney Cox når me stod utafor huset hennar og smilte fint heller. (Me veit ho var heime, bilane var der!!)
Me sette kursen mot Grand Canyon, Arizona. Hadde ein liten pitstop i New Springs. New Springs er verkeleg plassen! Berre ein bensinstasjon og ein subway. Nei faktisk 2 bensinstasjonar og 2 subwayar. Ein av kvar på begge sider av motorvegen..
Køyreturen, medrekna stoppet, tok ca 7 timar. Då me kom fram i Williams, AZ, ein liten plass med western preg, fann me oss ein svært original restaurant/cafe å eta på, og mannen som styrte det heile var enno meir original. I 100 når me sa me var norske, han hadde faktisk vore i finland!!! OMG!! Me fann oss eit motell for natta. Fjernsyn for første gang sidan ASIA!! Tjihi :)
Søndagen besøkte me Grand Canyon national park, det var fantastisk flott! Rå natur. Her traff me ein mann med samme kamera som Camilla, og vips- så kunne ho bruka kameraet sitt på 10 nye måtar (blant anna sjølvutløysaren), etter 1 år og 4 mnd! Imponerande Camilla! Stor takk til mannen me ikkje veit navnet på, men som likna ein typisk Robert.
Det var kaldt i Grand Canyon, masse vind! Me køyrde tilbake og stoppa i Valle, ein liten plass midt i typisk Bonanza natur. Fekk testa ut sjølvutløysarfunksjonen :D haha! Etter at Camilla fikla borti alle innstillingane i Thailand utan å vita kva ho dreiv med, overraska kamera med å ta 10 bilder. Jaja. Ein lærer så lenge ein lever! :)
Frå Valle reiste me til Las Vegas :D sjekka inn på Circus Circus, eit hotell nord på the Strip! Her er det litt crazy! Folk i alle aldrar. Kryr i småbarnsfamiliar. Ungane må venta fint når pappa skal spela på casino kl hal12 om kvelden! Folk har med seg barnevogner på casinoa- til alle døgnets tider. Heilt normalt. Camilla har med Malin i barnevogn og.
Malin har hatt mest hell i spelinga til no, vann 14$ på ei slotmaskin. Camilla har berre vunne ein larvebamse- i eit spel mot 6 småungar og Malin! Jøss for ein prestasjon :D Ny bamse i forden!
Det er eit innebygd tivoli på hotellet, og Malin fekk sjå helten sin- Svampebob - i 4D! Ho var godt nøgd, og oppførte seg fint resten av dagen. Godt dei har noko som appelerar til dei yngre..! ;) Me treng egentleg ikkje gaa ut av hotellet, her er alt: shoppingfasilitetar(kle, mat, unyttige ting, suviniriar etc.), minibank, internett, casino, tivoli, ulike show, fitnessenter og midt paa hotellet----->EIN MCDONALDS. Hjelpes. I gaar var me inne heile formiddagen og daa me gjekk fraa hovudcasinoet til eit anna maatte me byta bygning. Dagslys- HERLEG!
Var paa Fremont street og sjekka livet, det var fres! Alle typar folk, babyar, ungar, vaksne, fulle vaksne, dritings vaksne, eldre, sjanglade eldre, eldre som heng seg etter playboykanindamene.
Tenkjer vera her til Laurdag, og at me vinn mykje peng paa casinoet som me kan unna oss ekta luksus i Soer-Amerika :) tjihihi!!
I dag shoppa me litt, tok det roleg. Malin var til frisoeren. Camilla fekk seg ein ny venn medan ho venta som hata staten, landet og verden fordi ein reklame hadde lova ho eit tilbod i dag, men naar ho kom til butikken gjald ikkje tilbodet der. Camilla maatte lesa gjennom papira hennar, sjoelv ikkje iPhone=oeyreproppar var hint nok til aa faa fred. Dama kakla i eit koyr, og ville til slutt ha med seg Camilla som "vitne"/"stoette" i butikken. Hjelp. "Uhhm, okay. I just need to use the restrooms first. Excuse me!" Etter ei lang stund med goymsel var ho ikkje aa sjaa etterpaa, takk gud. Fekk litt flashback Gaytoy, LA 2009!
:)
- comments